Frå spaghetti-meal-prep til kulinarisk kvalitet

Under Dusken har snakka med to studentar som har nytta seg av restauranten Credo sitt nye studenttilbod.

Publisert

Michelin-restauranten Credo, som held til på Nyhavna, lanserte eigne studentprisar i midten av januar. Kvar onsdag vil to bord (frå to til åtte personar) vere tilgjengelege for studentar slik at ein kan få oppleve signaturmenyen til ein litt hyggelegare pris.

Credo

Adresse: Ladeveien 9

Pris: 2500,- / 1900,- (med studentrabatt)

Eline Kjøl Berg, kommunikasjonsrådgivarenved ved Credo, fortel at «studentonsdag» er noko dei har prøvd å få til lenge, og at dei no er glade for å endeleg kunne lansere tilbodet. Det er allereie mange som har tatt kontakt for å reservere bord.

– Vi har fått mange e-postar frå studentar som er interesserte i å nytte seg av tilbodet. Med den responsen vi mottok, skjønnar vi at vi har truffe noko med det, skriv Berg.

Dette kan student Sophia Nordstrand skrive under på. Ho har nytta seg av det nylanserte tilbodet til Michelinrestauranten, og er godt nøgd med at Credo gjer ei slik matoppleving meir tilgjengeleg for studentar.

– Trondheim er jo ein studentby, og når ein er ferdig med å studere er det ikkje alle som blir igjen i byen. Det er gjerne mens ein framleis studerer at ein har moglegheita til å prøve ut Trondheims tre Michelin-restaurantar. Det er fint at Credo gjer det enklare å kunne vere med på ei slik oppleving, seier Nordstrand.

Sophia Nordstrand

Alder: 23

Studie: Master i læring i arbeidsliv og samfunn

Vin-/ølfavoritt: skulle til å seie Dahls

Livrett: kjærastens salsicciapasta med rosmarin, passata og fløte

Restauranttips: Troll

Ein anna student som har nytta seg av tilbodet, Frida Nymark, er einig i at det er beundringsverdig av Credo å ha eit slikt tilbod, sjølv om det kanskje ikkje er lønsamt for restauranten.

– Dei opererer på veldig små marginer, med tanke på kor mange dei serverer om dagen. Sjølv om det kostar veldig mykje å vere der, så er ein der i fire timar. Det er veldig fint å prøve å la studentar som er interesserte, få lov til å kome til ein rabattert pris, seier Nymark.

Eit jafs av stipendet

Sjølv om Credo har dumpa prisen for studentar, gjer det framleis eit grådig innhogg i bankkontoen, noko Nymark som økonomistudent er veldig klar over.

– Det er ikkje innanfor studentbudsjettet. Studentar er jo ei veldig rar gruppe, slik økonomisk sett, fordi ein får veldig lite pengar inn kvar månad. Dei fleste studentar har likevel ein buffer som dei kan ta av, forklarar Nymark.

For Nordstrand var det rein flaks at tilbodet kom på eit tidspunkt der ho hadde ein slik bufferkonto. Ho hadde allereie spara ein del pengar i høve bursdagen til kjærasten, men hadde inga klar meining om kor ho skulle bruke dei.

– Eg var på utkikk etter ei gåve til kjærasten min og leita etter ein stad å ete, då tilbodet plutseleg dukka opp. Dersom eg hadde vald ein anna stad, ville eg kanskje kjøpt ein anna ting i tillegg. Dette var ei god gåve for seg sjølv, forklarar Nordstrand.

Nordstrand fortel at ho er godt kjendt med kva som finst av restaurantar i Trondheim, og at det ikkje er første gongen dei har vore på Michelinrestaurant.

– Vi er glade i å ete ute på restaurant, og matopplevingar er veldig verdifulle for oss. Eg skal ikkje seie at eg kan så mykje om mat, men eg vil kalle meg ein matmons. Eg er veldig glad i mat, fortel Nordstrand.

Nymark legg heller ikkje skjul på matinteressa si. Ho fortel at sjølv om det sjeldan er restaurantmiddag på menyen hennar, likar ho å fylgje med på restaurantscenen i Trondheim. Entusiasmen er tydeleg då ho byrjar å fortelje om opplevinga på Credo.

LES OGSÅ: De to studentkjære kafélokalene består

Hønsefugl med hekla hatt

Kva fekk de servert?

– Eg hugsar ikkje, seier Nordstrand og ler.

Ho fortsett etter å ha tenkt eit augneblink:

– Det var mykje forskjellig då, og det var mykje som såg veldig fancy ut. Eg hugsar korleis det ser ut, men eg hugsar ikkje kva som var i det, seier ho unnskyldande før ho nemner både fugl, fisk og kamskjell.

FANCY: Nordstrand hugsar ikkje kva ho fikk servert, kun at det var mykje forskjellig.

Særleg vaffelen gjorde inntrykk på henne.

– Vi fekk vaflar med multe, rømme og brunostsaus til dessert. Eg er vanlegvis ikkje så glad i vaflar, men denne var skikkeleg god. Eg veit ikkje korleis dei greidde det. Kanskje ekstra smør, funderer Nordstrand medan ho verkar å mimre tilbake til tidenes vaffel.

Både Nordstrand og Nymark fortel om eit titalls søte smårettar som blei serverte saman med ein liten presentasjon av kva det var, garden råvarene kom frå, samt kva dei synest var gøy med retten.

– Det var ein stor stab av kjøkkenfolk som jobba veldig stille og koordinert. Dei kom bort ein og ein og fortalde kva dei synest var gøy med denne retten. Det er utruleg fint å sjå folk som er såpass glad i jobben sin, så engasjerte og med eit slikt fokus på at ting skal sjå veldig kult ut og smake godt, fortel Nymark.

Det var tydeleg at alle som jobba der var veldig stolte når dei kom og viste maten sin. Nymark fortel at dei var veldig entusiastiske når dei fortalte, og at dei var opne for at gjestene skulle snakke, stille spørsmål og kome med kommentarar når dei blei serverte.

– Det var mykje meir interaktivt enn å gå å ete ein anna stad, fortel Nymark.

I likheit med Nordstrand var det noko som gjorde meir inntrykk enn anna.

– Det må vere den vaktelen. Det var eigentleg litt trist, seier ho medan ho småhumrar og fiskar fram telefonen sin.

– Eg hadde sendt kjærasten min mange videoar av vaktlar med hatt, forklarar ho og viser bilete av søte små fuglar med heimehekla hattar i ulike fargar. Det var denne hønsefuglen som var hovudretten på Credo onsdagen ho og kjærasten var der.

– Det var veldig … det blir fælt å sei gøy, men eg et jo kjøtt, så eg må jo stå inne for det, seier ho og fortel korleis vaktelen var basis for fleire av smårettane dei fekk servert.

– I byrjinga fekk vi ein rett med vaktelegg, så fortsette dei med ulike delar av fuglen. Vi fekk mellom anna foten og vengjen, før vi til slutt fekk sjølve hjartet treidd på eit grillspyd. Dei brukte heile fuglen, skildrar Nymark og poengterer at Credo sitt fokus på berekraft var tydeleg.

LOKALMAT: Credo serverar eit titalls smårettar med råvarer frå regionen.

Stiv pris – avslappa atmosfære

Med eit titalls rettar av ypperste kvalitet og relativt stive prisar både med og utan studentrabatt, er det nærliggande å trekke slutninga om at eit Michelinmåltid blir ei stiv affære med rake ryggar, strokne skjorter og kvite dukar. Ifølge Nymark og Nordstrand var opplevinga på Credo snarare motsatt.

Nymark skildrar dei andre gjestene som mangfaldige.

– Eit par der var veldig pynta. Jenta hadde på kjole. Eit stort følge med folk såg ut som dei var der litt oftare. Dei lukta på vin på ein slik spesiell måte, fortel ho.

Nymark illustrerer med å gjere ein sirkelbevegelse med handa.

Frida Nymark

Namn: Frida Nymark
Alder: 23
Studie: Finansiell økonomi
Vin-/ølfavoritt: Il Poggione Rosso di Montalcino
Livrett: Penne ala vodka
Restauranttips: Le Bistro, blåskjella

Alder: 23

Studie: Finansiell økonomi

Vin-/ølfavoritt: Il Poggione Rosso di Montalcino

Livrett: Penne ala vodka

Restauranttips: Le Bistro, blåskjella

– Vi har reflektert litt i ettertid, og kome fram til at vi passa ikkje heilt inn der, men ingen gjorde det. Det var ingen fast masse der. Det såg ut som at folk var der ved forskjellige høve, seier Nymark vidare og fortel at dei sjølve var kledde avslappa fint.

Nisjeinteresse som er vanskeleg å rettferdiggjere

Både Nymark og Nordstrand reiste på Credo til ulike tider med kjærastene sine, og har vanskar med å sjå for seg at dei kunne fått med seg ein vennegjeng.

– Eg hadde aldri kunne fått med meg ein vennegjeng. Aldri! Eg trur det er veldig nisje. Eg veit ikkje om min gjeng er representativ, men det er jo mykje spaghetti-meal-prep som ein har heile veka.

Sjølv om det er vanskeleg å overtyde vennegjengen om å bli med, er begge einige om at det var vel verdt pengane.

Dei påpeikar likevel at det er meir enn god mat som skal til.

– God mat må på ein måte vere ei sjølvfølge, men det som gjer det verdt det er at ein får både god mat og ei oppleving, seier Nordstrand.

Begge trekk fram stemninga, smakane og det interaktive som særeige for Credo. I etterkant av måltida fekk dei ei omvisning på kjøkkenet og i vinkjellaren som ein del av tilbodet. Dette var med på å gjere besøket til ein heilskapeleg og gjennomført oppleving.

HJARTE PÅ RETT STAD: Desserten bestod av vaflar med multe, rømme og brunostsaus.

Nordstrand er ikkje i tvil om at ho vil anbefale andre studentar til å nytte seg av tilbodet.

– Ja, absolutt! Vi har fått fleire vennepar til å reise, og dei verka også veldig nøgde. Det er fortsatt avgrensa kor mykje pengar ein skal bruke på å reise ut for å ete, men det handlar litt om prioriteringar. Det er eit bra tilbod, men det er kanskje ikkje eit tilbod for alle. Og slik er det uansett i utelivet og i restaurantbransjen.

Nymark er ueinig i at studentar burde ta seg råd til «studentonsdag».

– Med mindre ein har hatt lyst til det veldig lenge, og trur at ein får noko ut av det. Viss ikkje, ville eg absolutt ikkje gjort det.

Ho utdjupar vidare:

– Det er veldig gøy dersom ein ser på det som ei oppleving, for å bruke ein klisjé. Det er gøy å få innblikk i stadar ein ikkje høyrer til. Samtidig markedsfører dei seg med å vere berekraftige, og det er ikkje eigentleg noko ein kan rettferdiggjere seg med, for tilbodet er ikkje tilgjengeleg for alle.

Creds til Credo

Sjølv om det kan omtalast som ein nisje og det kan vere vanskeleg å rettferdiggjere prisen, er det ingen tvil om at dei to matinteresserte studentane er vel nøgd med opplevinga dei fekk, og at Credo har gjort det meir tilgjengeleg for studentar. Nordstrand kjem med ei klar oppfordring til andre Michelinrestaurantar i byen:

– Speilsalen må steppe opp gamet. Det er sjukt mange studentar som bur her og eg tenkjer det er rettferdig å gje oss ei moglegheit til å bli med på den opplevinga når vi har det så tilgjengeleg i byen.

LES OGSÅ: Ukultur på filosofistudiet: – Det var «guttastemning» og Jordan Peterson-vibber

Powered by Labrador CMS