Ein snartur til det eritreisk-etiopiske kjøkken

Rykker det i reisefoten i den restriksjonsramma kvardagen, er det framleis råd for å ta seg ein snartur til meir eksotiske strøk. Du må berre vite kor du skal gå.

Publisert

Mesob

Adresse: Munkegata 64A

Prisnivå: Rimeleg, under 200,-

Besøkt: 01.11.20 og 17.01.21

Rusling i byen kan føre til mangt. Følger du brusteinen nordover i Munkegata, kjem du til Ravnkloa, ein stad som vitnar om ein stolt kystkultur, med fersk fisk, bryggekant og fiskebåtar. Om du gir fiskebåtane ei kald høgreskulder og Nidarosdommen ei kjølig venstreskulder vil du sjå rett mot eit retro word art-skilt på eit av hushjørna. Med raud påskrift står det «Mesob restaurant» og glasdøra fører til eit eritreisk-etiopisk kjøkken.

På innsida blir du møtt av luktar utanom det vanlege, stråkorger, gullrammer, Youtube-musikk og ein ivrig servitør som ynskjer deg muntert velkomen. Her er det er ingenting i vegen for å spele turistrolla fullt ut. Kelneren er hjelpsam med både tips og råd, slik at opplevinga blir mest mogleg autentisk. Å stole blindt på han gjer også ventinga ekstra spennande. Du har inga aning om kva som ventar deg då eit sølvfat like stort som eit sykkeldekk svingar rundt hjørnet i retning ditt bord.

LES OGSÅ: Skal du ta vaksinen? Dette er det vi vet så langt

Fatet er dekt med pannekakeliknande lefser, kalla for injera. Fatet har småhaugar av gryterettar fordela oppå. Med klare instruksar om å ete med fingrane, er det berre å setje i gang å utfordre smakslaukane.

Knepet er å nytte injera som bestikk for å hente opp bitar av dei ulike haugane og her blir fingerferdigheitene verkeleg sett på prøve. Injeraen er syrlegare enn både mor si tynne pannekake og den amerikanske feite, søte. Surdeigen i lefsa bidreg til at gryterettane blir både lettare og friskare, ei gastronomisk oppleving.

Haugane av gryterettar gjev eit mangfald av smakar. Etter å ha manøvrera bit på bit, kartlagt dei fleste smakane og stadig bytta ut sin favoritt, er svolten stogga. Rettane byr på noko for ein kvar smak. Linse-bolognese, smørdampa spinat, kyllingklubber i tomatsaus og noko som likna trøndersodd med chili. Sigen etter alle dei nye inntrykka er det ingenting som fristar meir enn ein kopp jebena-kaffi. Eit spenstig alternativ til Kjeldsbergkaffi, ofte servert med popkorn.

Er ikkje jebena-kaffi eit alternativ, finst det òg ein forlokkande ingefærkaffi som opnar øvre luftvegar og rustar deg til ein lang, kald vinter. Det eritreisketiopiske måltidet er ikkje ein eksplosjon av smakar, men heller assosiasjonsrike måltid sett saman på eksotisk vis. Ei reise hit er ein rimeleg og innhaldsmetta nærtur til fjernare strøk, ypperleg for deg som vil ha noko meir spennande enn pizza, burger og sushi.

LES OGSÅ: – Noe av det verste som finnes er snobberi rundt vin. Det er råtne druer, liksom.

Powered by Labrador CMS