Nybygg vert ikkje klart til UKA-23

Det ligg no an til at Studentersamfundet sitt nybygg står ferdig eit halvt år seinare enn planlagt.

Publisert

Nybygget til Studentersamfundet fekk nyleg auka kostnadsramme til 245 millionar. På Samfundsmøtet laurdag 12. februar fortalde leiar Fredrik Akre ved Studentersamfundet at byggjeperioden òg vert utvida med eit halvt år. Med dette vil det altså framleis vere byggjeplass bak det runde raude under UKA-23.

– Vi sit no i kontraktsforhandlingar med entreprenørane, og difor har vi mykje sikrare informasjon enn tidlegare. Budsjettet har auka med 45 millionar, og no veit vi òg meir om framdrifta, seier Akre.

Pandemien har skulda

Han fortel vidare at byggjestart ligg an til å vere i slutten av mars, som tidlegare planlagt, men at bygget ikkje vil stå ferdig til hausten 2023.

– Med det vi har på bordet no, ser det ut til at nybygget vert klart til semesterstart våren 2024, som altså er eitt semester seinare enn planlagt.

LES ÒG: Nyårsforsett: trynsleikja med NTNU

Han fortel vidare at det primært er leveringstider hjå underleverandørane til dei som skal byggje som er grunnen til utsetjinga.

– På grunn av koronapandemien er det eit kjempestort etterslep i materialproduksjon i heile verda, og det er det vi får kjenne, både når det gjeld pris og at alt vert utsett.

Ifølgje Akre vil ikkje utsetjinga krevje eit nytt vedtak i Storsalen.

Utfordrande med normal drift

Per no ser det ut til at offisiell byggjestart vert 27. mars, men det er først i haust at det verkeleg vert synleg i form av graveplass og konsekvensar for drifta av Samfundet.

– I haust kjem vi til å starte arbeidet òg i bakken, så då kjem det til å vere eit stort hòl bak Samfundet. Då kjem vi til å sjå det første provet på at det faktisk skjer på ordentleg, og det er kjempegøy, seier Akre entusiastisk.

Han legg til at det gjer at det vert vanskelegare å bruke og drive Samfundet, men at dei arbeider med å finne gode løysingar. I tillegg er det ein viss fleksibilitet i kva som må gjerast når, så dei prøver å leggje til rette for at det framleis skal vere mogleg å drifte Huset.

GLER SEG TIL 2024: Sjølv om nybygget vert seinare ferdig enn først tenkt, er det for Fredrik Akre positivt at det no vert nybygg.

– I utgangspunktet siktar vi på ikkje å måtte stenge, fordi vi håper å ta det tyngste av arbeidet i periodar der Samfundet er stengt, utanfor semesteret, fortel han.

Akre seier vidare at dei må ta hòl i nokre lokale, som til dømes Daglighallen, og at dette vil gjere at nokre lokale vil vere periodevis stengde. Tilsvarande vil nokre av arbeidslokala måtte rivast, men dei er allereie planlagd erstatta når nybygget står klart.

– Men dei kjem nok til å ha ein periode utan arbeidslokale. Vi håper å løyse dette med at ein kan «flytte inn hjå ein ven», og dele arbeidslokale i ein periode.

Byggjeperiode i staden for opningsfest

Tidlegare har tomta bak Samfundet vore nytta til både konteinarar og lokale for UKA, men her kjem det no til å vere byggjeplass. UKA-23 skulle òg vore opningsfesten for nybygget, men kjem no heller til å føregå under byggjeperioden. Nyvald UKEsjef Kari Johanne Sørensen Bøckman fortel at dei vil gjere det beste ut av situasjonen.

– Alle veit at store byggjeprosjekt som regel går over tida, så vi kjem til å prioritere å få mest mogleg ut av det nye bygget, dersom det er mogleg, og uansett mest mogleg ut av det gamle bygget, forklarer ho.

Vidare seier Sørensen Bøckman at dei må tenkje nytt, fordi det går ikkje an å setje eit telt oppå nybygget, men at det på noverande tidspunkt ikkje er konkrete planar for nøyaktig korleis dei skal løyse dette. Akre legg til at Samfundet ikkje skal byggje på heile tomta sjølv, men selje ein del til NTNU.

– Kanskje dei er snille og lét oss låne litt plass til konteinarane midlertidig, seier han.

– Det er kjipt, men vi greier det

Fredrik Akre presiserer at dei har valt å prioritere pris og kvalitet. Det inneber til dømes å heller vente på parkettgolv enn å leggje vinylgolv, fortel han.

– Akkurat den type prioriteringar gjer at vi no bruker litt lengre tid for å få riktig kvalitet. Eg tenkjer at vi er 111 år gamle. Ei utsetjing på eitt semester er kjipt, men det greier vi.

Han forstår likevel at prosessen kan opplevast som frustrerande med mykje att og fram, men presiserer at det er ein stor gladnyheit at dette no verkeleg skjer.

LES ÒG: Stengt bibliotek gjer det vanskelegare for Simen å levere bachelor

– No vil vi endeleg sjå gravemaskinar og ein byggjeprosess som har vore planlagt sidan 1953. Eg gler meg masse til å sjå det, seier han ivrig.

Han kjem gjerne og feirar med ein øl i nybygget i 2024. UKEsjefen Sørensen Bøckman legg til at det nok heller ikkje er noko å bekymre seg for når det gjeld festivalen, og trur at UKA-23 vert bra utan nybygg òg.

– Og ein gong kjem det ei UKE i nybygg, og det vert då mest sannsynleg UKA-25, seier ho til slutt.

Powered by Labrador CMS