Eit Samfund for (nesten) alle

Det er på tide å innvigla medlemsrett til Fotofagskulen.

Publisert Sist oppdatert

«Den naturlege samlingsplassen for alle studentane i byen». «Ein møteplass på tvers av campus». «Eit Samfund for alle». Dette er nokre av dei frasane eg har lira av meg flest gonger etter at eg vart vald som leiar i mars. Realiteten er at Samfundet ikkje lev godt nok opp til desse ideala i dag, men det kan endrast ved eit vedtak i Storsalen.

LES OGSÅ: Like mye klamydia til tross for korona

Ifølgje våre lover har ikkje alle byens studentar medlemsrett på Samfundet. Medlemsretten følgjer no utelukkande utdanningsinstitusjonar som NOKUT reknar som høgare utdanning. Her fell ein viktig utdanningsinstitusjon i Trondheim utanfor; Fotofagskulen.

Det er fleire fagskular i Trondheim. Fotofagskulen skil seg ut på det punktet at dei sidan januar 2019 har vore tilknyta Sit. Der står dei på lik line med alle andre utdanningsinstitusjonar i Trondheim som har medlemsrett hos oss. Dei betalar semesteravgift og bidrar til vår felles studentvelferd på lik line med oss andre. Det er på tide at også Samfundet gir dei status som fullverdige studentar.

LES OGSÅ: Regjeringen presenterer nye koronatiltak

Debatten om fagskular skal ha medlemsrett på Samfundet er ikkje ny, den var sist oppe i 2016. Den gong var eit viktig moment i debatten at Studentersamfundet skulle fortsetja å vera av og for studentar ved høgare utdanningsinstitusjonar. Ein valde difor å å halda seg til NOKUT sine lister, sidan dei gir ein tydeleg definisjon av dette. Det er på tide å utfordra definisjonen.

Me er Nordens største studentersamfunn. Kven er vel meir eigna enn oss til å ta opp diskusjonen om kva det inneber å vera student? I mine auge er det ikkje tvil om at det å vera tilknyta studentsamskipnaden og betala semesteravgift er ein tilstrekkeleg kvalifikasjon for å verta rekna som fullverdig Trondheimsstudent.

LES OGSÅ: Frisbeegolfens voksesmerter

Eit motargument mot medlemskap til fagskular har tidlegare vore at ein frykta ei profesjonalisering av frivillige i nokre av gjengane på Huset. Eg er overbevist om at me skal klara å finna gode løysingar på dette saman med dei aktuelle gjengane. Me kan ikkje vera så redde for ei profesjonalisering av dei frivillige, at ein nektar ei gruppe å bli medlemmer hos oss og dimed å kunne ta ein fullverdig del i fellesskapet på Samfundet.

LES OGSÅ: Nattmat om dagen: Korv och bulla

Dette kjem til å bli fremja som eit lovendringsforslag i Storsalen. Me arbeidar no med å finna løysingar som opprettheld ein god demokratisk prosess for våre medlemmer i denne saka, på trass av strenge kapasitetsavgrensningar. Så snart dette er på plass ynskjer me å fremja vårt forslag, men inntil vidare oppmodar me til å bli med i diskusjonen ved å dela dykkar meiningar på talarstolen fram mot avstemminga.

Powered by Labrador CMS