Korleis forskar ein på sex?

Ein kan forske på mykje, og på mange måtar. Sex er sjølvsagt ikkje eit unntak.

Publisert Sist oppdatert

Eit kjapt søk i NTNU sine opne arkiv for diverse publikasjonar gjev fleire tusen treff innanfor psykologi og medisin, men òg litteratur, filosofi, pedagogikk og mange fleire fagfelt. Det vert skrive om det reint fysiske og om haldningar, om sex i litteratur og språk og ikkje minst om seksualundervising.

Sex etter operasjon

BREITT FELT: Risa Lonnee-Hoffmann fortel at gynekologi er eit breitt felt med mange moglegheiter

Risa Lonnee-Hoffmann, førsteamenuensis ved Institutt for klinisk og molekylær medisin ved NTNU, er blant dei mange som forskar på nettopp seksualitet. Ho er utdanna lege og har vidare spesialisert seg i gynekologi. I tillegg har ho teke kurs i seksualmedisin og seksuell dysfunksjon.

– Seksualitet er heilt sentralt for eit menneskeliv, og gynekologi er eit breitt felt med mange moglegheiter, seier ho om kvifor ho valde nettopp denne retninga.

No for tida forskar ho blant anna på seksualfunksjon etter hysterektomi. Hysterektomi er kirurgisk fjerning av livmora, og kan gjeve komplikasjonar som kan gå ut over seksuallivet til pasientane.

– I forskinga brukar vi spørjeskjema. Seksualitet og seksualfunksjon er subjektivt, og ikkje noko vi kan få svar på gjennom blodprøvar, forklarer Lonnee-Hoffmann om sjølve forskinga.

Ho fortel òg at tidlegare handla mykje av forskinga om å finne gode spørsmål å stille. I dag har ein mange validerte spørjeskjema som er godt utprøvd, og som gjev gode svar.

LES ÒG: Hvordan å date under pandemien

Seksuell strategiteori

KVA ER TRAKKASERANDE? Mons Bendixen er professor i sosialpsykologi ved NTNU, og forskar blant anna på seksuell trakassering.

Innanfor psykologien forskar ein òg mykje på sex. Forskingsspørsmåla er gjerne nokre heilt andre enn i medisin, men ein deler nokre verktøy.

– Vi bruker spørjeskjema som er godt utprøvd i alle verdsdelar. Tidvis brukar vi òg intervju. Vi kombinerer gjerne svara kring seksualitet med kva dei svarer om andre ting i livet sitt, fortel Mons Bendixen, professor i sosialpsykologi ved Institutt for psykologi på NTNU.

Han forskar blant anna på seksuell trakassering. Særleg ser han på handlingar som for enkelte kan opplevast som trakasserande, særleg bestemte situasjonar, men som for andre kan opplevast uproblematiske. Bendixen forskar òg på seksuelle val, sjalusi og seksuell anger. Mykje av forskinga handlar om haldningar og kjensler, og særleg rundt uforpliktande sex.

– Kva angrar ein på å ha gjort? Og kva angrar ein på ikkje å ha gjort? Dessutan har eg sett på korleis ulike faktorar, primært kjønn, verkar inn på korleis ein opplever sjalusi.

For han var det litt tilfeldig at han hamna inn på seksualitet som forskingsfelt. Gjennom eit forskingssamarbeid byrja han å jobbe med evolusjonspsykologiske teoriar, og vidare noko som heiter seksuell strategiteori.

– Det er få ting som er så praktisk som å ha ein teori å jobbe ut frå. For meg har det vore viktig å ha eit teoretisk rammeverk. Det er mykje som kan vere spanande, men som ein ikkje greier å forankre om ein ikkje har ei fortolkingsramme, seier han.

LES ÒG: Datinggrønn Gløsing drikker te

Sexy folkeeventyr

POTENSIALE: til bacheloroppgåva fann Maja ut at det var få som hadde forska på erotiske folkeeventyr.

Maja Rauan Goksør er student i eit litt anna fagfelt, nemleg historie. Ho skriv for tida bacheloroppgåve om nettopp sex. Nærare bestemt ser ho på dei erotiske folkeeventyra.

– Eigentleg tenkte eg å skrive oppgåva om tidleg sexologihistorie på 1800-talet, men så oppdaga eg at det finst erotiske folkeeventyr, fortel ho.

Goksør oppdaga at sexologien handla meir om det medisinske, og særleg negative, på denne tida, som til dømes skadar, avvik og dårleg psyke.

– Då ville eg heller gå ein annan veg, og eg vart introdusert for desse eventyra. Så no les eg dei, og skal sjå på kva haldningar som kjem til syne, seier Goksør.

Sjølve arbeidet går altså i første rekkje ut på å lese eventyra og særleg ein publikasjon frå 70-talet som knyt seg til desse.

– Det interessante vert å sjå på korleis dei underliggjande haldningane frå eventyra ser ut i forhold til dei som prega den offentlege debatten i samtida.

Ho legg til at ein gjerne har inntrykk av at 1800-talet var veldig ordentleg, og at det først var mykje seinare at ein fekk eit friare forhold til sex. Det er slike ting ho vil undersøkje nærare om faktisk stemmer.

– Det er ikkje så mange historikarar som har sett på akkurat dette, så rettleiaren min meiner det er mykje potensiale for ein master. Eigentleg tenkte eg kanskje at eg skulle vente litt med å eventuelt ta master, men no får eg jo lyst, avsluttar Goksør.

Powered by Labrador CMS