Trondheimsstudenten

Realfag og rasjonalitet får forrang når Per Ivar skal endre verda

På vidaregåande gjekk han og venta på å få studere. Med eit ynskje om å løyse klimakrisa var planen å ta master på fire år.

Publisert

– Etter vidaregåande måtte eg i førstegangstenesta. Det var ikkje noko for meg, men då det var overstått, var det veldig bra å komme inn i studentlivet, seier han.

Per Ivar fortel at studentlivet er ein stor kontrast til førstegangstenesta, og beskriv det første året som student i Trondheim som heilt fantastisk.

Dårleg tid og klimaengasjement

– Eg var litt overytar. eg søkte meg inn på industriell kjemi og bioteknologi og hadde ambisjonar om å ta master på fire år.

Han fortel at han tok ekstra fag; dei to første åra tok han fem fag framfor berre fire per semester.

LES OGSÅ: Oslojente møter trondheimsarroganse

95 PROSENT OPTIMIST: Per Ivar har trua på at vi klarer å løyse klimakrisa.

– Det var mykje jobb, men eg treivst godt med det.

Motivasjonen for val av studie handla mykje om klimaengasjement.

– Det verka som industriell kjemi og bioteknologi var vegen å gå for å bidra til å løyse klimakrisa. Det var jo også difor eg ville ta master på fire år, for viss eg blei ferdig tidlegare, kunne eg endå fortare jobbe med ting som hadde reell påverknad på klimakrisa.

Per Ivar fortel at han hadde det ganske travelt, men at ting har roa seg litt no. Han tek master på normert tid, og utanom studia er han leiar i Effektiv altruisme (EA), eit verv som han fortel mykje om.

– Eg blei med i Effektiv altruisme NTNU, ein studentorganisasjon som jobbar med korleis ein kan nytte forsking i bistand for å redde flest liv og utrette mest godt i verda.

Vidare forklarar han kva som ligg bak dette fokuset på effektivitet.

– Nokre bistandsorganisasjonar er estimert til å vere hundre ganger meir effektive i sitt arbeid enn medianen.

LES OGSÅ: Disse studentene ser du nok aldri i en ni-til-fire-jobb

Empati som tunnelsyn

Det er heilt tydeleg at Per Ivar er ein person blir driven av engasjementet sitt, og at han meiner at det er viktig med rasjonalitet og effektivitet i møte med verdas kriser.

– Vi ser det som skjer i Ukraina, og eg har kjent på ein trong til å gjere noko med det, men samstundes er situasjonen med naudhjelp alltid usikker.

Han peikar på at krigen i Ukraina utan tvil får meir midlar fordi det er stor mediedekning, men han undrast på om logistikken er på plass for å bruke midlane effektivt. EA baserer seg på forsking, og i ein så ny situasjon er det ikkje så mykje data.

– Du finn liksom ikkje ein kost-effektivitetsanalyse av Raude Kross sitt arbeid i Ukraina no.

Fire kjappe og eitt dilemma:

Det beste med byen:

– Må eg velje berre éin ting?

Les no:

The Precipice: Existential Risk and the Future of Humanity av Toby Ord.

Dilemma: Få slutt på alle krigar i verda eller stoppe klimaendringane?

– Eg er redd for at klimakrise kan føre til fleire krigar, men krig kan og føre til verre klimakrise… Eg må nok gå for ingen krig. Kanskje det fører til betre samarbeid i verda, at alle får klimaendringar som felles fiende.

Siste filmoppleving:

– Doctor Strange.

Beste stad å dra på deit:

– Grano, viss du elskar pizza.

Praten vidare er prega av litt meir alvor, og Per Ivar understrekar at han ikkje ynskjer å tråkke nokon på tærne. Det verkar som han vil fram til at vi må ha fleire tankar i hovudet på same tid.

– Det er dumt om empatien blir eit tunellsyn med fokus retta på dei vi ser mest. Eg stiller meg skeptisk til mine eigne kjensler når eg har ein kjensle av å berre ville hjelpe Ukraina. Det er vanskeleg.

Per Ivar uttrykkjer at kriser som krigen i Ukraina kanskje viser dei meir kritikkverdige og sårbare sidene ved EA-rørsla.

– Når du kjem i situasjonar der du ikkje har så mykje forsking, vil mange berre skyve seg litt vekk. Ofte må ein jo berre gjere kvalifiserte gjett for å få utretta noko.

KOMMENTAR: NTNUs bærekraftsmål må gjelde egne lys

Nesten hundre prosent optimist

Som ein person som dedikerer såpass mykje tid til å dvele over verdas problemer, har Per Ivar eit overraskande positivt syn på verda.

– Eg ser lyst på det. Det er ei holdningsendring som har kome etter at eg blei med i EA.

Han forteI om EA-miljøet som ein plass der mange har tenkt over korleis vi skal jobbe med desse problemstillingane.

– Det er så mykje handfast ein kan ta tak i. Klimakrisa gjer oss jo engstelege, og viss ein ikkje har nokre handfaste løysingar, blir det ubehageleg. Då blir ein pessimistisk. No har eg fått erstatta den angsten med motivasjon, seier han.

Han peikar på at ja, klimakrisa er eit problem, men at vi òg har løysingar.

– Eg er 100 prosent optimist. Nei, vent, 95 prosent optimist.

Powered by Labrador CMS