UKA-21:

Nattforestillingen: Skuggeteater på Cirkus

Skyggen av et liv er ein tragedie med potensial, men som er litt for opptatt av å tenke alle tankar ferdig.

Publisert

Kim har tilsynelatande det han treng: ein kul og heilt vanleg venegjeng, og ditto kjærast. Dei heng i parken med øl og frisbee (kven kan vel ikkje relatere?). Men Kim slit med sorg og skuldkjensle etter veslesystera Aurora sitt sjølvmord. Når den litt slibrige og veldig bokstavrimelskande uteliggjaren Fritz introduserer han for å søke alternative røynder gjennom mystikken, begynner Kim å utforske ei verd av skuggar og mørker gjennom hallusinasjonar.

Skuggen Umbra, ein slags miks av hulder, The Shining-tvilling og Skygge i Bjørnen i det blå huset, blir samtalepartneren hans. Av Umbra ser me berre skuggen av skodespelaren, projisert på eit lerret som utgjer den bakre veggen på scenen. Det er i og for seg snedig utført, men spelet med skuggane kunne vore utnytta langt betre. For det meste snurrar ho att og fram der bak, mens ho snakkar forførande og fniser skrekkfilmjenteaktig. «Come play with me,» sit eg og ventar på at ho skal seie.

Forfattarane Bendik K. Johansen og Jørgen M. D. Sollie synest å operere etter prinsippet om at den som spør, skal få svar. Og her blir det spurt over ein lav sko. Resultatet er litt for lange og gjentakande dialogar, der alle dei mangslungne ideane om liv og død, skuld og sorg blir forklart litt for enkelt. Då er ikkje mystikken så veldig mystisk lenger. Dramaet hadde vore godt tent med å la noko vere usagt og overlate noko til publikum sin tankekraft.

LES OGSÅ: Prohibition Party en ny tradisjon?

Både manus og regi kunne med fordel ha vore strammare og meir konsist. Skodespelarprestasjonane er likevel jamt over gode, både i alvorlege og meir tøysete scener. Dei fleste av humorinnslaga er morosame, og den tragiske kjerneforteljinga er beint fram gripande. Ensemblet skal også ha honnør for å halde fokus når spelestarten blir utsett ein liten halvtime fordi straumen går på scena (ein stad her finst det ein vits om lys og skuggar). Publikum lar seg heller ikkje knekke, men held oppe den gode stemninga.

Det skal sjølvsagt seiast at dette er amatørteater – og i den konteksten har dei fått til ei framsyning som fungerer bra. Ein mann bak meg seier før start: «Eg er ikkje nokon teatergjengar, men Nattforestillingen plar eg få med meg.» Her er det berre å følgje hans eksempel.

LES OGSÅ: Vinnerne av Studentenes fredspris 2021 frikjent i retten

Powered by Labrador CMS