SAMFUNDETLEDER:

Velkommen tilbake til annleis-semesteret

Mitt største ynskje for denne hausten er at medlemmene våre skal sjå at Samfundet er så mykje meir enn ein uteplass.

Publisert Sist oppdatert

Så er det endeleg på’an igjen! Vårsemesteret vart noko heilt anna enn alt ein har sett tidlegare. Det å vera student vart brått berre studering. Samstundes har samfunnet rundt oss gradvis opna opp att gjennom sommaren, og eg har eit godt håp om at me no kan bli studentar igjen, ikkje berre studerande. Eit viktig merke på dette er at no skjer det eg har gleda meg til sidan mars: dørene til Studentersamfundet vert opna på ny. Fyrst for fadderveka den 10. august, så for alle medlemmer den 24. august.

Mykje vil vera annleis. Studentersamfundet og studentane er fortsatt ein del av den nasjonale dugnaden for å kjempa ned koronaviruset. Situasjonen er framleis uavklart, og det ligg mykje tillit frå storsamfunnet i at me no kan opna dørene. Denne tilliten må forvaltast godt slik at Samfundet framleis kan vera den viktige møteplassen for studentane, slik det alltid har vore. Plassen ein mellom anna kan gå på konsert, ta ein middag i nyoppussa Lyche, engasjera seg eller gå på quiz med nye og gamle vener.

LES OGSÅ: Slik planlegger Samfundet åpning i høstsemesteret

Studentersamfundet er ein medlemsorganisasjon med over 16 000 medlemmer. Dette semesteret er det særleg gode grunnar til å kjøpa medlemsskap. Med strenge kapasitetsavgrensingar på huset, vil me prioritera våre medlemmer i inngangsdøra og ved billettsal denne hausten.

Alle studentar høyrer til på Samfundet, men for å sikra deg tilgang til dette fellesskapet i haust er det altså ekstra viktig å skaffa seg eit medlemskap. Me skal gjera vårt beste for at du skal få valuta for medlemspengane. Det vil vera mogleg å kjøpa medlemskap gjennom heile semesteret, både på Samfundet og på Akademika.

Eg og styret vil også gjera vårt beste for at fleire gjennom dette «annleissemesteret» kan få augene opp for at Samfundet er så mykje meir enn ein uteplass. For i tillegg til å vera byens største uteplass og konsertarena, er også Samfundet staden du kan gå for debattar, foredrag og Samfundsmøter. Dei fleste vil finna tema dei er interessert i og tema som ein ikkje visste at ein hadde interesse for. Som medlem kan du også fronta sakene du brenn for i Storsalen.

LES OGSÅ: Over skyene er himmelen alltid blå

Mange har spørsmål om opninga og er spente på korleis det vil bli. Du finn svar på det meste om opninga på Samfundet sine heimesider. Om det er noko du ikkje skulle få svar på der, kan du senda oss ei melding på Facebook-sida vår eller senda ein e-mail til styret@samfundet.no.

Eg gler meg til å endeleg møta dykk igjen på Samfundet!

Powered by Labrador CMS