– Om studentane hadde visst kva dei driv på med, hadde dei hatt eit ganske annleis syn på selskapet

Fracking-verksemd, arbeidsmarked og miljøomsyn. Dette er studentanes syn på Equinor.

Publisert

Anten det er ein annonse mellom Instagram-innlegga, ein populær stand på campus eller ein innbydane bedriftspresentasjon, vindturbinane og den løysingsorienterte retorikken til Equinor er å finne overalt. Men ikkje alt energiselskapet driv med, fortenar eit lysbilete på Powerpoint-en dei presenterar unge håpefulle på NTNU. Det med god grunn, meiner energi- og miljøstudent Anders Nyeggen.

KRAV: Nyeggen meiner studentar må vere årvakne og stille krav.

Cowboy og indianar

Equinor driv nemleg med ei form for olje- og gassutvinning som i moderlandet blir kalla «fracking» på folkemunne. Hydraulisk frakturering, som det heiter på fagspråket, er ein måte å utvinne olje og gass som finst i skiferlag djupt nede i bakken. Utvinningsmetoden er ulovleg i fleire europeiske land og delar av Canada og USA på grunn av svært høge klimagassutslepp og forureining av jordsmonn og grunnvatn.

Frå 2001 dreiv Equinor med lovleg fracking i USA, men møtte stor mot - stand frå lokale og aktivistar på tvers av delstatsgrensene. Etter 20 år la dei cowboyhatten på hylla, og satt igjen med eit historisk tap på 200 milliardar kroner. No har dei flytta verksemda si til Vaca Muerta i Argentina.

– Det er nokre rapportar frå fracking-verksemd i USA kor det kjem fram kor skadeleg det er, men ingen snakkar om det som skjer i Argentina. Mykje av det er dårleg dokumentert, hevdar Nyeggen.

Fracking-verksemda Nyeggen siktar til, blei kritisert i ein Klassekampen-artikkel frå september. Det blir forklart at styresmaktene i Vaca Muerta fordriv Mapuche-urfolket for å gi plass til oljeselskapa. Dette har utløyst store protestar.

Dei lokale fortel at dei har opplevd fleire tilfelle av kreft og leukemi, barnedød og forgifting av drikkevatnet. Etter at Nyeggen viste artikkelen som vekka engasjementet hans til medstudentane sine, melde mange seg av bedriftspresentasjonen til Equinor.

– NTNU skal liksom vere eit universitet for framtida. Dei burde ta ei mykje tydelegare stilling til dette. Eg synest ikkje Teknologiporten burde godta at Equinor kjem hit og held bedriftspresentasjonar så lenge dei driv med såpass skitten industri, meiner han.

ENERGIBEHOV: Anestad seier at Equinor kan bidra positivt i energikrisa.

Pressetalsperson Ola Morten Aanestad i Equinor svarer.

– Me deltar og støtter eit statsselskap i Argentina, men er ikkje operatørar. Me er opptatte av at verksemda i Vaca Muerta, som er sterkt ønska av argentinske myndigheiter, skal skje på ein ansvarleg måte og me tar sterkt omsyn til miljø.

LES OGSÅ: Startet turgruppe for søndagsturer med lav terskel

Kan ein grønvaskast rein?

På Gløshaugen får mange bedrifter høve til å presentere seg for studentar som er aktuelle framtidige arbeidstakarar. I Realfagbyggets pulserande korridorar vankar det ulike haldningar til Equinor. Studenten Kasper Sørtun er éin av dei som gjerne kunne tenkje seg å jobbe for det statseigde energiselskapet i framtida.

– Det verkar som dei løyser interessante og viktige problem, fortel Sørtun.

Han er skeptisk til noko av moralen til selskapet, men understrekar at pengane også må gå rundt. Kompisen Simen Vaeng meiner norsk olje ikkje er ein del av løysinga.

– Eg føler at alt dei gjer som skal vere med på det grøne skiftet, eigentleg berre er grønvasking av bedrifta og ikkje verkelege tiltak. Men når det gjeld lønn, er det ein god plass å få jobb, svarer Vaeng.

Ei uformell spørreundersøking blant eit knippe studentar viser at studentane på Gløshaugen trur at 17,5 prosent av Equinor si samla energiproduksjon er fornybar. Den reelle fornybare energiproduksjonen ligg i dag på 0,15 prosent, skriv økonomikommentator Cecilie Langum Becker i ei ytring i NRK.

– Dei framstiller seg nærmast som ei rein fornybar bedrift. Ein får det same inntrykket om ein blar opp i Dagens næringsliv eller Aftenposten og ser annonsane deira utan eit einaste bilde av ein oljedrope, fortel Nyeggen.

Ordet «grønvasking» går igjen hos fleire av studentane. Omgrepet betyr enkelt forklart at ein gjennom misvisande marknadsføring framstiller eit produkt eller ei verksemd som meir miljøvennleg enn det faktisk er. Nyeggen meiner dyktige marknadsførarar og flotte Powerpointar overskygger mykje av det Equinor faktisk driv med.

– Dei utnyttar utsatte regionar i Argentina. Dei sel naturen sin nærmast på auksjon til rike land som kan drive på med utvinning, seier Nyeggen.

Vidare understrekar han problematikken med at akkurat Equinor held på med slik verksemd.

– At eit norsk, statseigd selskap driv med det, synest eg er ganske sinnsjukt. Aanestad frå Equinor svarer på påstandane om grønnvask.

– Me har som mål å utvikle oss som eit leiande energiselskap, og det er noko me legg store investeringar i. Me vil bidra til å levere energi til ei verd som treng det meir enn nokon gong. Veldig mange i Equinor har ein bakgrunn frå NTNU og me håper å tilsette fleire NTNU-studentar i framtida.

SAMD OG USAMD: Kasper Sørtun, Simen Vaeng og William Mariadason er usamde om Equinor.

LES OGSÅ: Wistingfeltet – ei klimabombe

Økonomiske bekymringar og straumkrise

Equinor har no søkt om å opne verdas nordlegaste oljefelt i Barentshavet, Wisting. Det potensielle oljefeltet har møtt stor motstand frå blant anna miljøorganisasjonen Greenpeace. Ein student som blir spurt om Wisting, svarer at han har høyrt om krimserien, men ikkje oljefeltet. Andre har gjort opp meininga si.

– Eg synest det siste me treng i 2022, er fleire oljefelt, seier Vaeng. Sørtun påpeikar at me er i ei straumkrise forårsaka av krig i Europa, og at eitt nytt oljefelt ikkje vil bli dropen som får begeret til å renne over.

– Klimakrisa er vel eigentleg ei større krise enn krigen, kontrar Vaeng.

Dessutan er nok klimabegeret allereie overfylt med oljedropar, gir Vaeng uttrykk for. Straumkrisa er ei bekymring for mange og omformar diskusjonen rundt ikkje-fornybar energi. Fleire studentar uttrykkjer at dei kjenner at dei manglar påverknadskraft.

Aud Nordø frå Greenpeace har stor forståing for at unge kjenner seg makteslause, men understrekar at me ikkje må la straumkrisa overskygge klimakrisa.

TENKJE LANGSIKTIG: Nordø frå Greenpeace meiner at vi må kunne ha to ting i hovudet om gongen.

– Me må klare å løyse fleire kriser på éin gong og unngå kortsiktige val som tar oss frå krise til krise, men som står over tid. Me har ei energikrise fordi me har gjort oss avhengige av olje og gass, og då er ikkje løysinga å gjere oss enno meir avhengige, men å sjå etter andre måtar.

Studentar har meir makt enn dei trur

Nyeggen meiner at insentiv frå politikarar eller opprørsgrupper ikkje er det som fører til endring i praksisen til Equinor.

– Equinor har ingenting å tene på å høyre på dei. Men viss NTNU- studentar hadde tatt større stilling til miljø-, klima- og etikkspørsmål, hadde det tvunge dei til å skjerpe seg. Han minner om at studentane er ein kjemperessurs for Equinor og ikkje omvendt.

– Ei linjeforeining tener kanskje 50 000 på sponsormiddel frå Equinor, men det er ingenting i forhold til det dei kan tene på å tilsette ein ferdigutdanna NTNU-student.

Nordø frå Greenpeace understrekar òg makta studentane har som attraktive potensielle arbeidstakarar.

– Studentar kan ta eit stort val i kva bransje dei ynskjer å gå inn i.

Teknologiporten ynskjer ikkje å kommentere på at Nyeggen stiller dei til ansvar for å gi Equinor ei plattform til å grønvaske selskapet sitt.

LES OGSÅ: Arthur syklet fra Oslo til Paris, og vil at studenter skal være mer spontane

Powered by Labrador CMS