Nattverd om dagen

Gudstenesta i Nidarosdomen serverer musikalske og sjelelege høgdepunkt på rekke og rad, men maten treng eit løft.

Publisert Sist oppdatert

Kva: Høgmesse i Nidarosdomen.

Når: Bot- og bønnedagen 31. oktober kl. 11:00.

Kvifor: Tilgiving for synd og ro i sjela.

Kyrkjeklokkene over Nidarosdomen er først nesten ikkje til å høyre. Kanskje er dei berre litt blyge, litt ute av trening etter orgien av synd og sodomi som har prega Trondheim by dei siste vekene. Men no er UKA endeleg over. På sjølvaste bot- og bønnedagen er folket samla til høgmesse for å två hendene og reinske samvitet. Det tar ikkje lang tid før Guds heilage bjøller kling av full kraft.

Synd og song

Eit opptog av geistlege kjem inn, og Nidarosdomens guttekor tar oppstilling i lilla kapper. Gutane i koret er i aldersspennet 7 til 70 år. Eg undrast på om ikkje nokre av dei snart burde få opprykk til mannskoret.

Gutane sørger likevel for å lose kyrkjelyden trygt gjennom salmesongen. Når ein forsangar set i gang ein sjanti der alle får vere med, svingar det verkeleg. Endeleg forstår eg kor moro det kan vere med gudsteneste.

Ein kvitkledd liturg resiterer frå Det gamle testamentet: «For hendene dykkar er tilsølte med blod og fingrane av skuld, leppene dykkar talar løgn, og tunga mumlar svik». Mannen les på sørlandsdialekt, det handlar om synd, og det kjennest heilt rett.

Den påfølgande syndsvedkjenninga blir på si side ein traust affære. Det viser seg at ho er ferdigskriven, og plutseleg er ho forbi. Ektefølt er det iallfall ikkje. Presteskapet vil openbert ikkje dvele ved det vanskelege denne søndagen. Det er nesten skuffande kor lett forsamlinga slepp unna.

LES OGSÅ: Jeg mistet min kjære da samfunnet åpnet

Ikkje nokon salmesykkel

Kantor Erling With Aasgård pumpar stadig ut mektige tonar frå det vakre, barokke wagnerorgelet. Han er ikkje ein av desse megalomane organistane som speler «Et barn er født i Betlehem» som om dei var Bach oppstadne. Salmane, som berre gutekoret og éi høgrøysta dame kan frå før, er vanskelege nok å følgje som dei er. Aasgård skal ha honnør for å halde akkompagnementet ryddig.

Er det likevel nokon som greier å fylle forsamlinga med himmelsk kjærleik denne føremiddagen, så er det kantoren. Soknepresten har lagt seg føre alteret for å messe sitt «Kyrie eleison», og då er det ikkje snakk om å spare på herlegdomen. Orgelpipene basunerer ut svære harmoniar. Det er så storslått at ein skulle tru det var katolikkane som stod bak.

ANMELDELSE: Ensom i Norges beste studentby

I økokritikkens namn

Den store attraksjonen denne søndagen er preika til sokneprest Andreas Hilmo Grandy-Teig. Det er ein til- synelatande mjuk mann med mjuk stemme og mjuke auge. Opninga er godt under pari, med ein vits som ingen ler av («Å gjere bot – kva betyr det? Parkeringsbot?»). Det er tyst som i kyrkja. Fortsetting er klassisk: ei av Jesu likningar frå Lukas-evangeliet. Den om farisearen og tollaren i tempelet, veit du.

«For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal settast høgt,» les presten. Folk teier og samtykker. Det gjeld å vere audmjuk, det seier seg nesten sjølv.

Det heile tar ei overraskande vending når presten, den luringen, plutseleg har vridd det heile til å handle om isbresmelting, COP26 og antropocen. Vi menneske har ikkje hatt merksemda på rett plass, kan han melde. Vi har ikkje sett korleis handlingane våre heng saman med andre stader i verda, med dyr og med planter. Å ta klimaansvar er å ta ansvar overfor Gud.

Den plutseleg økokritiske lesinga av Boka tar meg litt på senga, før eg innser at han har mykje godt å seie, han der soknepresten. Der eg forventa ei dogmatisk og moraliserande tale om synd, får vi ei dogmatisk og moraliserande tale om klima i staden. Eg kjenner at eg trivst.

Kjeks og vin

Gudstenesta nærmar seg slutten når det endeleg er tid for nattverd. Kyrkjelyden får denne dagen valet: dyppe alterbrødet i vin ved døypefonten, eller kome fram til alteret og knele føre Herren. Eg vel sjølvsagt det siste. Det viser seg å vere rett val. I staden for å dyppe, får eg ein eigen liten kalk, som sommelieren skvettar ein slant av Menneskesonen oppi.

Alvoret i situasjonen gjer at det kjennest upassande å lukte særleg på vinen. Den grunne kalken hjelper heller ikkje til med aromaen. Eg saknar eit skikkeleg glas. Vinen er likevel overraskande god på smak. Tørr og lett, god syre og lang ettersmak av gule eple.

At vinen er kvit, er på si side direkte sjokkerande. Forteljinga om at dette skal vere Jesu blod blir heller vanskeleg å svelge. Det same er Jesu lekam. Den er ein tørr, kvit kjeks, som smaker papiraktig. Det er sikkert papir. Litt brie og fikensyltetøy hadde gjort mykje.

PÅ UTKIKK ETTER BEDRE ALTERNATIVER? Les vår kjeksanmeldelse her!

Powered by Labrador CMS