Et lite stykke musikkhistorie

«I’m Poppy!»

Historia om sjangermonsteret Poppy er ei togreise gjennom naivisme, skarp satire, manipulasjon og frigjering, der endestasjonen er tyggegummimetall.

Publisert

I november 2014 vart ein snedig video lasta opp på Youtube. I eitt minutt og tjuetre sekund ser vi ei lyshåra, ung kvinne ete sukkerspinn og stirre i kameraet. Dette skulle bli den fyrste av fleire hundre slike videoar, der karakteren Poppy intro- duserer seg om og om igjen. På dei klinisk maksimalistiske filmsetta les ho Bibelen, intervjuar planter og pratar om kor mykje ho elskar internettet og mobiltelefonen sin. Ho projiserer ei kunstig og sirupsøt karakter som samtidig framkallar ei umiskjenneleg ekkel kjensle i sjåaren. Er det performance -kunst? Er det ASMR? Er det fetisjporno? Poppy var tilsløra av mysterium og undring, og internettet byrja fort å spekulere i kva som var meininga bak alt dette.

Det viste seg til slutt at det heile var ein marknadsføringskampanje. Den verkelege personen bak Poppy heiter Moriah Rose Pereira og var ein gong ei ung jente som flytta til Los Angeles for å finne sin plass i rampelyset. Musikkarriera hennar byrja i 2016 og debutalbumet 3:36 (Music to Sleep To) er eit eksperimentelt ambient -prosjekt som akkompagnerer mange av dei tidlege Youtube -videoane hennar. Deretter kom Poppy.Computer, eit elektronisk stykke sukkertøy med titlar som «Pop Music» og «Let’s Make a Video». Estetisk korresponderer det med imaget til Poppy som ein pastellfarga, AI -generert fembot, og mange lèt seg fascinere. Det var likevel ikkje berre skjær, men isfjell i sjøen; karakteren vi kjende som Poppy, var nemleg alt anna enn eit originalt påfunn.

Vil du ha et originalt påfunn? Møt Norges nye popyndling Metteson

Titanic forliser

I 2018 vart Poppy saksøkt av Brittany Sheets, kjend som Mars Argo, for brot på opphavsrett. Ho hevda mellom anna at Poppy har stole hennar musikalske og kreative uttrykk, identitet, stil og lyd i både musikkvideoar, Youtube-klipp og liveopptredenar. Korleis kunne Poppy ha kopiert konseptet til Mars Argo nesten på ein prikk?

Svaret ligg i ein produsent/regissør/ slimål ved namn Titanic Sinclair. Han var den tidlegare kjærasten og samarbeidspartnaren til Mars Argo, og dei to delte ein kunstnarisk visjon. Saman produserte dei videoar og musikk som har ekstremt nær likskap med innhaldet på Poppy sin kanal.

Etter at Mars Argo ikkje braut gjennom, slik han vona, og dei to skilde lag, fann han Poppy, og prøvde like så godt å slå gjennom på nytt med same idéen. Han vart òg omfatta av søksmålet, men vart i tillegg skulda for psykisk vald og manipulasjon. Seinare har det kome fram at også Poppy var eit offer for Sinclair sine narsissistiske og stormannsgale tendensar, og i dag har både Poppy og Mars Argo kutta band med han.

Let it all burn down

Ein kunne ane at ei musikalsk stilendring var i gjere på Am I a Girl? frå 2018, men fyrst i 2020 var det ingen veg tilbake: Poppy gav via Sumerian Records ut det spektakulære albumet I Disagree og var med dette blitt ein nu metal-artist. I Disagree er eit eklektisk verk med innflyting frå hennar sedvanlege tyggegummipop og J-pop så vel som industriell og alternativ metall: på same tid ei brå endring og ei naturleg utvikling. Om du ikkje allereie har lytta, set av tre minutt og høyr opningssporet «Concrete». Sinclair var med på å produsere mange av låtane på albumet, sjølv om dei nokså openbart handlar om han – og det ikkje på ein særleg flatterande måte. Ho refererer til den nye utgåva av seg sjølv som «Poppy version X», og heldt til og med ei gravferd for den gamle, «Poppy version Zero». Sjølv seier ho at I Disagree kjennest som hennar aller fyrste album, etter å ha teke tilbake autonomien sin som kunstnar og forlete Titanic på botnen av Atlanterhavet.

Glad i hypnose, damp OG maskiner? Dampmaskinen Kvenberg & Co musiserer industriell danse hypnose

Poppy, versjon X

Historia om Poppy er eigentleg jævlig meta. Hennar tidlege videoar og låtar står fram som ein parodi på musikkindustrien, parasosiale forhold og den store pengemaskina som undertrykkjer kreativitet: I all den tid ho insisterer på å elske internettet og sosiale medium, blir ho desto meir uttrykkslaus og avsjela. Ironisk nok var det dette som verkeleg hende henne òg. Likevel er ho beviseleg både eit satirisk geni og multimodalt kunstnarisk talent, og vi kan glede oss over at ho no har det betre både som person og artist. I 2021 slapp ho albumet Flux, og i skrivande stund ventar vi på ein ny EP, Stagger, som skal sleppast i oktober.

Det er òg verd å nemne at Mars Argo tidlegare i år slapp ei gammal låt på nytt, og Spotify -biografien hennar lyder «I’m back». Dei særleg håpefulle kan difor òg spekulere i om eit framtidig samarbeid mellom Poppy og Mars Argo kunne vore ei moglegheit. Det hadde i så tilfelle vore den perfekte måten å rekke fingeren til skithælen Sinclair, og alle andre som utnyttar unge kvinner i musikkindustrien for å sjølv få sole seg i glansen.

Det er kjipt å utnytte partneren sin: Han var der da jeg var glad, så gjorde han livet mitt vondt.

Powered by Labrador CMS