Arkivfoto: For noen år siden var vår journalist med på treningsformen taiji, som også kan oppleves i år.

Sjekk ut desse gratisarrangementa under årets Kulturnatt

Få autografen til Noregs største satirikar, høyr føredrag om Trøndelags svar på Game of Thrones eller hopp frå Norges høgaste, flytande stupebrett.

Publisert Sist oppdatert

Kulturnatt Trondheim har 10-årsjubileum og frå 15:00 til 01:00 er byen full av gratis arrangement. Her er nokre som kan vere verdt å få med seg:

Kongerekka

Are Sende Osen presenterer trondheimsrelevante høgdepunkt frå sesong tre av den populære podkasten om dei norske kongane.

Kl. 19:00 - 20:00.

Film

Det er filmvêr. Kosmorama inviterer til både lang- og kortfilm. Klokka 19:00 viser dei Never ending story (1984) og deler ut gratis popkorn. På Cinemateket er det kortfilmbonanza, der dei viser nye trønderske kortfilmar. Velg mellom tre ulike tidspunkt: 18:00, 19:30 og 21:00.

Foodtruck og Matcasino

På Torget vil du finne opp til 16 ulike foodtrucks som forhåpentlegvis vil tilfredsstille ditt gastronomiske begjær. Er du av typen som likar gatemat framfor foodtruckmat, fristar Olavtorget med Matcasino der ein kjøper sjetongar som ein kan bytte ut med mat.

Boksignering med Are Kalvø

Are Kalvø toppar VG-lista og har ei framsyning i Olavshallen. Framsyninga kostar 460 kroner for studenter, men boksigneringa i etterkant er truleg gratis. Spring for å sikre deg autografen til ein av Noregs største satirikarar.

Forfriskande bad og sauna

Dersom ikkje regnvêret gjer deg blaut nok, har du moglegheita til å hoppe i havet frå tre eller fem meter frå Norges høgaste, flytande stupebrett på Havet kulturarena (17:00 til 21:00), eller sveitte i saunaen på Sjøbadet. Sistnemnde tilbyr både vanleg sauna, eteriske oljer og SPA-sauna med m/aufguss, oljer, saltskrubb og honning. Kva meir treng ein?

Poledance

Ingen kulturnatt utan poledance! Frå 15:00 til 23:00 kan du få ein halvtimes kurs i akrobatisk dans på stang, heilt gratis. Her kan det vere taktisk å tinge ein av dei siste timane for kvelden, slik at ferdigheitene framleis er friskt i muskelminnet idet du inntrer Bodegaen seinare på kvelden.

Klangnatt i Katedralen

Har du fortsatt berre sett Nidarosdomen frå utsida? Frå 20:00 til 23:00 er katedralen open for utforsking, akkopagnert av korsong frå sidekapella. Kvar halve time kan du få ein liten historisk innføring i Noregs Nasjonalheilagdom. Dette kan vere nyttig kunnskap til foreldre kjem på besøk.

Kunst

Kvar heile time frå 18:00 til 22:00 kan du få omvising i Håkon Bleken si utstilling Antagonist - protagonist på Gråmølna. Dette er ein god inngang til å bli betre kjend med kunsten til ein av Noregs fremste samtidskunstnarar. Trondheim kunstmuseum i Bispegata tilbyr også guida rundtur. Kvar halvtime frå 18:30 til 22:30 (utanom 20:30), kan du sjå eldre og nyare verk i samlinga.

Ved Sparebank 1 SMN kan ein oppleve viktige kunstverk av Håkon Gullvåg, Kjell Erik Killi-Olsen, Nils Aas og Håkon Bleken.

Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum har vore steng for publikum i nesten to år, men under årets kulturnatt opnar dei dørene for ein halvtimes runde der ein kan sjå kva som føregår. Museet åtvarar om at det blir trappetrening!

Discopung

Har du endå ikkje sett kunstverket Discopung på KUK er det sanneleg på tide. Få med deg føredraget om menn si psykiske helse klokka 19:00 før arrangementet glir over i disco i Gubalari med DJ. Gunnar Øra Jr og Torgrim Schrøder.

Dersom du er i eit meir groovy humør denne fredagsettermiddagen, speler Trondheim Storband opp til fest klokka 18:00 og 22:00 i Olavshallen.

LA’KKE BYEN FÅ RO!

Årets Kulturnatt blir avslutta med studentkora i Store Sal i Olavshallen klokka 23:00. TSS og TSK lovar kjente songar frå studentmiljøet, og det legg opp til ein saumlaus overgang frå kultivert kveld til vanleg studentfredag.

Hugs parapy!

FIKK DU MED DEG FJORÅRETS KULTURNATT? En kulturell helaften

Powered by Labrador CMS