Kommentar:

Listeval no

No er studentvalet for hausten opna, med 21 kandidatar til dei 21 trondheimsplassane. Lat meg difor presisere kvifor vi må endre valsystemet til Studenttinget.

Publisert Sist oppdatert

På UiB, UiT og UiO har dei listeval, som vil seie at ein stemmer på lister (litt som politiske parti), i staden for enkeltpersonar. Det treng vi ved NTNU òg.

For litt meir bakgrunn, les denne: Meiningslaust studentval

Eg veit framleis ikkje kven eg vil stemme på, sjølv om eg har lese alle dei 21 kandidatpresentasjonane og svart på valomaten. Eg er til dømes særs interessert i å vete kor kandidatane står i fleire spørsmål kring språk i akademia, men har lite å gå på. Dette er ein høgst relevant sak for kandidatane å meine noko om, ettersom NTNU no skal revidere sine språkpolitiske retningslinjer. I valomaten finn ein i staden spørsmål om blant anna opptak av førelesingar, som kandidatane truleg ikkje kjem til å vedta politikk på, ettersom Studenttinget handsama denne saka seinast i haust. Med listeval hadde det vore lettare å kontakte listene, òg mellom vala, for å etterspørje slike meiningar. Då kunne det òg blitt gjort tilgjengeleg til valet.

Studenttinget vil ha større legitimitet. Oppslutninga er låg, men då er det desto viktigare at dei som stemmer faktisk veit kva dei stemmer på. La oss til dømes sjå på saka om studentprestar på campus, som var oppe tidlegare i år. Dette blei ikkje snakka om under valet i forkant. Eg meiner difor at det er 25 studentar si stemme, ikkje alle studentane si stemme, som seier at vi ikkje ynskjer studentprestar og liknande på campus.

Meiningsbasert representasjon er betre enn fakultetsbasert. Det meiner eg særleg gjeld når ein ikkje ein gong får kandidatar frå alle fakultet. Valstyret har sjølv sagt at dei er nøgde med spreiinga, på tross av dette, blant anna fordi dei som har stilt er frå mange ulike studieprogram. Likevel er det, så vidt eg kan sjå, slik at fordelt på dei 21 trondheimskandidatane er det berre 13 studieprogram representert, og heile 13 kandidatar går sivilingeniørutdanningar. Dette kan neppe seiast å vere særleg representativt, i reine tal, for studentmassen ved NTNU Trondheim.

Tydeleggjering av usemje kan føre til meir engasjement hjå den gjengse student. I beste fall. Eg trur det blir langt synlegare for dei fleste at det faktisk er viktig å stemme i studentvalet om det kjem tydeleg fram kven som meiner kva. Når det er like mange kandidatar som faste plassar, er det berre å stemme på seg sjølv for å bli vald, og det kjennest ikkje viktig å stemme i det heile.

Rekruttering og synleggjering vert fordelt betre. Med listeval er listene sjølv sterkt involvert i både å få kandidatar og å få folk til å stemme. Anten vil det føre til endå betre promotering, om Studenttinget framleis legg ned same innsatsen som no, eller så vil det føre til frigjort kapasitet for Studenttinget som kan leggjast ned i andre viktige deler av vervet dei er vald til. Meiningsbasert rekruttering, framfor rein kompisrekruttering, kan potensielt òg vere bra for å representere alle typar mangfald i studentmassen.

Interessert i meir studentrelevant politikk? Dette er «studentministerens» planer for trondheimsstudentene

Om representantar trekk seg, eller nokon ikkje er eigna til vervet kan det løysast lettar og meir demokratisk. Kvar liste kan erstatte folk på lista si fortløpande. Dette blir òg langt meir demokratisk enn løysinga som finst i dag. I dag er det slik at Studenttinget har suppleringsval for seg sjølv. Det er langt meir demokratisk at listene sjølv erstattar representantar som trekk seg, ettersom listene då framleis vil ha rett tal representantar rundt bordet i forhold til kor mange stemmar dei fekk i valet, og slik sett vil meiningane blant studentane i langt større grad framleis speglast i dei tillitsvalde.

Til slutt vil eg rette eit par spørsmål til Studenttinget. Kva skal eigentleg til for å få til ei endring i valsystemet? Og når har det gått for langt? Er det mogleg å få til listeval neste haust? Og kvifor oppgjev de ikkje kva fakultet folk tilhøyrer?

Hugs å stemme, og godt val! Eg lovar framleis å barbere hovudet om oppslutninga blir høgare enn i 2019.

Cecilie Bjørnsdotter Raustein er tidlegare leiar av Studenttinget.

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS