Studentar med arbeidarbakgrunn slit på universitetet:

– Ein må lære seg eit heilt nytt språk

Marthe Krogstad sine foreldre gjekk ikkje på universitetet. I sitt første semester nytta ho ei bok frå Vi menn som kjelde.

Publisert

Vi møter den tideligare dragvollstudenten Marthe Krogstad på kafé i ly for vinterkulda. For å utforske dette med studentar og klasse vil vi snakke med nokon som ikkje har høgare utdanna foreldre. Krogstad fortel om bakgrunnen sin.

– Alle tantene mine har høgare utdanning, besteforeldra mine òg. Det er eigentleg berre mamma og pappa som ikkje har det. Mamma hadde vel eitt år på høgskule eller noko slikt. Pappa kom ikkje inn på krigshøgskulen, så då jobba han i byggvarehandel, selde treverk og blei dagleg leiar der til slutt.

Foreldra hennar lét Krogstad bestemme heilt sjølv kva ho ville gjere med livet sitt, og ho valde ein bachelor i kulturminneforvaltning, fordi ho såg opp til tanta si som jobba innan det feltet.

– Eg har aldri hatt noko press på meg til å ta høgare utdanning, men eg fekk ikkje lov til å bli vaskedame. Det kunne ikkje ei dotter av far min bli; der gjekk grensa, hevdar ho.

Ho uttrykkjer takksemd for å få styre sitt eige utdanningsløp, men påpeikar at det hadde vore nyttig med rettleiing kring studiar.

– Eg hugsar at eg hadde ei samtale med foreldra mine. Eg ville ha hjelp til å forstå. Kva kan eg velje? Kva bør eg velje? Kva blir eg då? Det var ikkje så mykje hjelp å få. Dei er jo ikkje kjend med universitetet i det heile.

Arbeidarklasseidentitet?

Krogstad fullførte bacheloren sin for mange år sidan, og studerer no HR-­ og personalleiing ved Høyskolen Kristiania som nettstudium. Samstundes jobbar ho i ei 100 prosent stilling i kledebutikk. Med foreldra sin bakgrunn i bakhovudet gjer ho eit forsøk på å plassere seg sjølv, for kor høyrer ho til? Ho ser grublande ut i lufta medan ho set ned koppen sin på det vaklande kafébordet.

– Eg kjenner eg får ei lita identitetskrise no, seier ho og ler litt.

Krogstad seier at ho sjølv ikkje har tenkt så mykje på dette med klasse.

– Viss eg skal plassere meg, så er eg jo i arbeidarklassen – det er der eg turar og går, enn så lenge. Sjølv om eg har ein bachelor, så har eg ikkje brukt han til noko endå. Eg vil ikkje seie at eg har bytta klasse.

LES OGSÅ: Rikke brukte migrene som et skalkeskjul for livmortrøbbel: – Følte meg som en dårlig feminist

SJØLVSTENDIG: Krogstad hadde hatt det enklare som student om foreldra hennar hadde gått på universitetet.

Borgarskap og marxisme

– No seier eg arbeidarklasse fordi når eg tenkjer på klasse, så tenkjer eg sjølvsagt på den marxistiske klasseforståingå. Vi er ikkje rike, men ikkje fattige heller. Eg vil kalle det ein normal arbeidarklassefamilie.

Slik plasserar masterstudenten Magnus Jentoft seg sjølv.

– Eg kjem frå ein liten kommune i Lofoten, frå ein ganske vanleg familie. Mamma er lærar og pappa jobbar for tida i kommunen.

Foreldra til Jentoft har teke høgare utdanning sjølv, men middelklasse er ikkje eit omgrep han ville brukt.

– Middelklasse er eit omgrep som eg aldri har hatt sansen for, eg tykkjer det er så lite forklarande. Klasse handlar ikkje berre om inntekt, men rolla ein har i økonomien. Arbeidarane er dei som gjer lønna arbeid, medan borgarskapet eig. Eg kjem ikkje frå ein familie som eig masse. Dei har vanlege jobbar, per definisjon arbeidarar.

LES OGSÅ: NTNU-student ble verdensmester

Kva for ein klasse?

Postdoktor i sosiologi Emil Øversveen fortel at det er eit skjønnsspørsmål å definere kvar grensene mellom ulike klassar går. Likevel kan ein prøve å definere ord som «arbeidarklasse» og «middelklasse».

– Ein kan seie at hovudskillet går mellom dei som sel arbeidskrafta si som lønnsarbeidarar, som jo er mesteparten av folket, og dei som tilset andre menneske: arbeidsgivarar.

Øversveen forklarar at dette er skilnaden mellom arbeidarklasse og overklasse.

– Middelklassen kan gjerne definerast som ein meir privilegert del av arbeidarklassen, eit toppsjikt av arbeidarane.

KLASSEMEDVIT: Emil Øversveen forklarar at klasse var viktigare for folk før.

Potetgull og kjeldekritikk

Marthe Krogstad fortel om møtet med studiet i kulturminneforvaltning. Ho hadde gått studiespesialiserande linje på vidaregåande, men kjende seg ikkje fullstendig førebudd på høgare utdanning av den grunn.

Fakta om sosioøkonomisk bakgrunn og høgare utdanning:

  • Foreldra sitt utdanningsnivå gir størst utslag på om studentane fullfører ein høgare grad eller ikkje.
  • Jo høgare utdanning minst ein av foreldra har, desto større andel fullfører ein grad.
  • Berre 50 prosent av dei med grunnskuleutdanna foreldre fullfører ein grad innan 8 år etter oppstart.

Statistikk henta frå ssb.no

– Ein må lære seg eit heilt nytt språk. Det blir veldig akademisk, noko som eg ikkje var vant med. Eg hugsar at eg ofte var forvirra over kva ting var, og brukte mykje tid på å søke opp ting som det verka som resten skjønte betre.

Særleg var arbeidet med kjelder vanskeleg, og det at foreldra hennar var framand for akademia gjorde ikkje ting enklare.

– Eg tenkte at «ja, men bok er bok», det var min fortståing av kjelder. Vi skulle skrive ei oppgåve om fangeleirar, veldig koseleg tema, sant. Då fekk eg ei bok av pappa, den var frå Vi menn, så den oppgåva var jo i grunn ikkje godkjent. Folk på studiet sa at det ikkje var ei ordentleg kjelde. Det var ein liten knekk, kan vi seie, for det forstod ikkje eg.

Ho ler, og på ironisk vis takkar ho for at vi fekk fram igjen dette minnet. Krogstad hugsar at ho trivst i studiegruppa, men at hennar medstudentar hadde fleire referansepunkt enn henne.

– Dei fortalde om alle plassane dei hadde vore og alt dei hadde sett, og eg var sånn «Ja, eg har vore i Danmark ein gong». Eg kan ikkje seie at eg er noko kulturelt vidfaren, nei.

Ein vanleg laurdagskveld i Krogstad sin familie innebar ikkje faglege diskusjonar rundt middagsbordet.

– Det er laurdag. Då er vi heime og et potetgull.

Foreldre påverkar

Øversveen peikar òg på at familien du kjem frå påverkar korleis du meistrar universitetet.

– Ein del forsking i sosiologien ser på oppseding i ulike familier, og det viser seg at det er store forskjellar på å vakse opp i ein arbeidarklasseheim og ein øvre middelklasseheim. I middelklasseheimen sit ein gjerne og diskuterar abstrakte ting, det er ei bokhylle i stova og foreldre kan mykje og diskuterer med barna sine, forklarar Øversveen.

Mange av desse eigenskapane er etterspurd på universitet, så dersom ein er vant med å diskutere og reflektere, vil overgangen frå vidaregåande vere enklare.

Fordi begge foreldra til Jentoft har ein bachelorgrad, opplevde han både studieval og møtet med universitetet som velkjend.

– Eg blei jo oppfordra til å studere. Det hadde nok vore annleis om eg ikkje hadde den støtta heimanfrå.

Det var altså naturleg å byrje å studere, og møtet var ikkje veldig framand.

– For meg var universitetet berre ein litt feitare forlenging av vidaregåande. Eg gjekk jo studiespesialisering, forklarer Jentoft.

DEBATT: Er listevalg egentlig lurt?

Klassedød

Sjølv om forskinga viser at den klassen du kjem frå påverkar universitetsopplevinga di, er klasse noko folk flest bryr seg mykje om?

– Folk forstår i mindre grad enn før sitt eige liv ut frå klasseposisjonen sin. Tidlegare var nok klasse ein viktigare del av identiteten til folk flest, sånn subjektivt. Eg veit ikkje om det er så vanleg å identifisere seg som medlem av den eine eller andre klassen, eller at ein tillegger det så mykje vekt, svarar sosiolog Øversveen.

Han poengterer at sjølv om folk ikkje nødvendigvis er opptekne av å identifisere seg som ein del av ein klasse, så eksisterer framleis skiljelinjene

– Ein må jo skilje mellom det objektive og det subjektive. Objektivt sett høyrer folk framleis til i ein klasse.

Det er dei subjektive posisjonane, i kor stor grad dei lar seg definere av den klassetilhøyret, som blir eit heilt anna spørsmål. Når det gjeld studentar, tenkjer Magnus Jentoft at klassemedvitet er svekka.

– Klassemedvitet i Noreg har døydd ganske greitt. Viss du var student på Dragvoll på syttitalet, dreiv ein jo aktivt med klassepolitikk. Storsalen på Samfundet, til dømes, var jo delt mellom ei sosialistisk side og ei borgarleg side. Ein var vel meir medviten på kor ein stod i samfunnet.

Livet under fattigdomsgrensa

På spørsmål om han tykkjer universitetet er ein middelklasseinstitusjon, svarar postdoktor Øversveen at det norske skulesystemet, men òg universiteta, reproduserer skilnadar. Likevel har Noreg ein idé om at utdanning skal vere sosialt utjamnande.

– Ein må ikkje gløyme at vi har eit ope universitetssystem, det skal ein ikkje undervurdere tydinga av. Kven som helst kan ta utdanning, det er nesten gratis. Dette er i stor kontrast til mange andre land.

LES OGSÅ: Frå Trøndelag Teater til prisvinnar i Cannes

Med studiestøtta frå Lånekassen skal i prinsippet kven som helst kunne ta høgare utdanning, Smen det er store skilnadar på studenttilværet etter kor mykje familien kan gje i økonomisk støtte.

– Eg har ikkje foreldre som har kjøpt meg leiligheit, og eg har ikkje deltidsjobb, så eg lever berre på stipend og lån. Då eg kjøpte frukost her no i stad, var det med kronestykkjer eg fann rundt om i leilegheita, liksom. Samstundes har du folk som flyttar til studiebyen der foreldra har kjøpt ei leiligheit til dei for tre og ein halv million, som kan leve i sus og dus. Dei folka kjenner eg jo, seier Jentoft.

SKUFFA: Jentoft tykkjer den nye regjeringa burde utvide studiestøtta.

For Marthe Krogstad sin del har deltidsjobben ho har hatt sidan etter vidaregåande gjort at ho er økonomisk sjølvstendig. Likevel har det vore tøft i periodar, særleg viss ho gjekk tom for penger ein månad.

– Då fekk eg kanskje eit brød, då. Eg fekk ikkje noko pengar, det var berre å halde ut.

Jentoft fortel at han er takksam for at foreldra hans har moglegheit til å hjelpe økonomisk.

– På den måten er eg heldig. Eg kjenner andre som låne pengar frå foreldre, og som må betale tilbake fordi foreldra òg slit økonomisk. For min del går det heldigvis rundt: Vi har billig leige og prøvar å bruke så lite pengar som mogleg. Likevel går det i null kvar månad. Eg har nøyaktig null kroner på BSU.

«Vanlege» folk sin tur

Den nye regjeringa går ikkje inn for å auke studiestøtta med det første. Det vekker reaksjonar hos mange, og Jentoft er blant dei.

– Dei er ein vassen gjeng, altså.

Jentoft er politisk aktiv i SV, men påpeikar at han står eit lite stykke til venstre for dei igjen.

– I valkampen ville eg sjå politisk endring i studentpolitikken. Fattigdomsgrensa i Noreg er vel kring 200 000 kr. Vi studentar, dei fleste av oss, lever vel godt under det. Den tanken om at ja, når ein er student, så er ein berre fattig, er så unødvendig.

Krogstad seier at for hennar del så hadde ikkje det vore så mykje skilnad på om studiestøtta gjekk opp eller ned. Ho seier at det ligg i ryggmargen å jobbe mykje. Det er ein stor del av hennar identitet.

– Det hadde ikkje hatt så mykje å seie om eg fekk 10 000 meir i månaden, eg hadde framleis jobba like mykje. Det drivet for å jobbe er så stort, det kjem nok frå den familien eg er vaksen opp i.

Likevel er ho samd med Jentoft om at studiestøtta må opp.

– Eg tykkjer at studiestøtta må opp, for folk må jobbe mykje for å ha nok å leve av, og det burde dei ikkje trenge.

Jentoft tenkjer at det å auke studiestøtta er ein openbar løysing, slik at alle, uavhengig av foreldra si økonomi, skal klare seg som student og fullføre graden sin.

– Vi lever på ikkje-ein-dritt, og for meg går det jo greitt, eg har ikkje noko behov for dyre dunjakkar. Men det å ha råd til mat denne veka hadde vore ganske digg.

LES DEN NYESTE OPPSKRIFTEN FRA UD: Knallgod søtpotetsalat

Mangfald - på alle plan?

Dei siste åra har det vore meir fokus på likestilling og mangfald, særleg når det kjem til kjønnsbalanse og etnisk mangfald. NTNU har sidan 2018 hatt eit utval for likestilling og mangfald, som jobbar med å fremje mangfald med omsyn til mellom anna kjønn, etnisitet, livssyn, funksjonsevne og seksuell orientering.

Har det nokon gong vore på agendaen å trekkje inn sosioøkonomisk eller klassebakgrunn når de skal gjere NTNU meir mangfaldig?

– Lik rett til utdanning er eit viktig prinsipp og ein del av samfunnsoppdraget som NTNU tek på alvor, svarar prorektor for utdanning ved NTNU Marit Reitan i ein e-post til Under Dusken.

Marit Reitan, prorektor for utdanning ved NTNU,

Reitan skriv at dei i dag har svært avgrensa høve til å kvotere inn studenter etter sosioøkonomisk bakgrunn. Sjølv om NTNU i dei fleste tilfelle ikkje kan kvotere inn, er dei klar over problemstillinga når dei marknadsførar utdanningane på NTNU.

– Det er eit viktig prinsipp at NTNU vender seg til alle grupper av ungdommar når vi gir informasjon om utdanningstilbodet. Dette gjer vi mellom anna ved å synleggjere mangfald i den informasjonen vi gir om utdanningane våre, og vi går inn for å marknadsføre NTNU i kanalar som blir nytta av alle studiesøkarar, uavhengig av bakgrunn.

Til opplysing: Emil Øversveen er tidlegare journalist i Under Dusken.

Powered by Labrador CMS