Eit talerøyr for dei unge

Unge er for dårleg representert i norsk politikk, meiner fylkestingsrepresentant og NTNU-student Norunn Krokeide. Sjølv har ho blikket mot Stortinget.

Publisert Sist oppdatert

Sidan hausten 2019 har Norunn Krokeide vore representant på fylkestinget for Miljøpartiet dei grøne (MDG).

– Å vere folkevald har vore nytt og utfordrande. No etter eit år føler eg at eg byrjar å kome litt til ro, og at eg har funne plassen min. Sidan me sit i opposisjon handlar det mykje om å lyfte fram saker og utfordre posisjonen når dei ikkje er gode nok.

Kven

  • Namn: Norunn Krokeide (f. 1999)
  • Frå: Oslo, bur på Byåsen • Studerer: Energi og miljø (sivilingeniør) ved NTNU
  • Verv: Fylkestingsrepresentant i Trøndelag for Miljøpartiet dei grøne (MDG)
  • Sit i hovudutvalet for transport på fylkestinget
  • Fylkesleiar for Grøn ungdom Trøndelag
  • 6. kandidat for MDG i Sør-Trøndelag til stortingsvalet i haust

På fylkestinget sit Krokeide òg i hovudutvalet for transport, som blant anna har ansvar for kollektivtrafikken i Trøndelag.

– Der hadde eg veldig lyst til å sitje. Sakene er utruleg viktige for klimaet, men òg for unge folk i Trondheim, for distriktsperspektivet og for det sosiale perspektivet. Det heng saman med veldig mykje.

Dratt inn i politikken

– På vidaregåande melde eg meg inn i MDG. Eg oppdaga at materialistisk stæsj ikkje er det som er viktig i livet, og at det går an å setje fokus på det i politikken. Eg vurderte òg SV, men MDG sitt fokus på forbruk gjorde at eg tenkte «Okei, dette er partiet for meg.»

Det var då Krokeide flytte til Trondheim for å studere, at ho gjekk aktivt inn i politikken.

– Eg blei dratt litt inn i det. Etter stortingsvalet i 2017 var eg veldig motivert for å bruke meir og meir tid på politikken. Før kommune- og fylkestingsvalet i 2019 var det mykje fokus i partiet på at unge skulle stille som kandidatar, og mange ville at eg skulle stille.

Å stille på vallista blei for Krokeide ei vidare forlenging av det politiske engasjementet.

– Det er jo dritgøy å stille til Stortinget òg. Men eigentleg er det berre å halde fram med det same politiske prosjektet.

LES OGSÅ: Resultatene fra årets Studiebarometer er dyster lesning, mener NSO.

Nest yngst på fylkestinget

Av dei 59 medlemmane på fylkestinget, er Krokeide den nest yngste. Ho opplever at den relativt sett unge alderen hennar blir vektlagd svært ulikt av forskjellige politikarar. I MDG si partigruppe på fylkestinget føler ho ikkje at alderen speler noka rolle.

– Der står me på same grunn, med same rett til å meine og uttale oss.

FULLFØRER GRADEN: Norunn Krokeide trur det er nyttig at politikarar har ulike fagbakgrunnar.

Og mange politikarar synest det kult at ungdom er med i politikken, fortel ho.

– Men så har du jo òg dei som ikkje skjønar kva det er me driv med, kvifor ungdomar trengst i politikken. Heilt på ordentleg. Eg synest det er kjemperart.

Krokeide opplever at vanlege folk ho møter, ofte blir overraska over at ho er politikar. Men det har ikkje så mykje med alderen å gjere, trur ho.

– Det trur eg gjeld for politisk aktive i alle aldrar. Det er ikkje nokon sjølvfølgje at ein skal gå inn i politikken.

LES OGSÅ: Løper en mile med pils i magen

Unge fortener representasjon

Så langt i politikarkarriera har ho røynt at reaksjonane på alderen hennar mest kjem frå andre, erfarne politikarar.

– Det ein del folk som er så inne i det systemet, det er så etablert. Eg trur mange får for vane å berre jobbe med dei same folka. Det berre fortset og fortset.

– Kjenneteiknar dette norsk politikk generelt, trur du?

– Det varierer nok veldig, men absolutt. I dei fleste partia er det veldig etablert. Du skal liksom ha halde på dritlengje viss du skal ha sjanse til å få nokon innverknad.

Ho meiner at det til sjuande og sist handlar om at politikarar skal representere folk.

– På Stortinget finst det politikarar som har sete der sidan før eg blei fødd. Viss alle politikarar utelukkande har jobba med politikk og ingenting anna i 40 år, då tenkjer eg at det er eit problem.

Krokeide poengterer at for at heile befolkninga skal vere representert i politikken, krevst det variasjon blant kven som representerer. Unge fortener å bli representert betre enn i dag, meiner ho.

– I dag er unge skikkeleg underrepresenterte i politikken. På mange samfunnsområde er det jo ikkje me som sit med korkje den økonomiske eller politiske makta. Me blir jo òg påverka av politikken.

Under koronapandemien har regjeringa konsekvent nedprioritert studentar, meiner ho.

– Studentar har blitt hardt råka i forhold til mange andre grupper, og det har ikkje blitt reflektert i tiltaka i det heile tatt. Det har heilt sikkert samanheng med at det ikkje er nok unge i politikken.

LES OGSÅ: The twelfth peace prize was awarded Sunday 14th of February

SEKS KJAPPE

– Kva les du om dagen?

– Half of a Yellow Sun av Chimamanda Ngozi Adichie. Ho er ei kvinneleg nigeriansk forfattar som skriv om kolonialisme og rase.

– Go-to middag?

Indisk vegetargryte.

– Kva gjer du for å kople av?

– Trener. Eg løper, speler fotball eller gjer yoga. Eller noko anna.

– Kva gler du deg mest til i 2021?

Eg må jo nesten seie valkamp, og kome over sperregrensa. Det gler eg meg veldig til.

– Kva synest du om Maskorama?

– No blir eg sikkert upopulær: litt gøy, men òg litt teit. Din ideelle regjering? MDG, SV og Venstre. Men det er heilt urealistisk. Så nummer to: MDG, SV og Arbeidarpartiet.

Må snakke om ting som folk skjønar

Krokeide synest ikkje vidare imponert over det politiske engasjementet til studentar flest. Viss ho skal svare ærleg.

– Eg trur mange følgjer litt med og har litt meiningar, utan at dei er heilt inne i det og bryr seg kjempemykje.

Det trur ho blant anna skuldast eit studentmiljø der det skjer mykje anna. Folk prioriterer andre ting enn å vere politisk aktive, rett og slett.

– Men det tyder jo ikkje at mange ikkje er medvitne på politikk. For det trur eg dei er.

– Kva må til for å engasjere folk?

– Eg trur det må skje noko i den politiske debatten. Ein ser jo at det engasjerer når ein snakkar om ting som er litt nærmare folk. Der trur eg mange politikarar har ei utfordring. Ein må snakke om ting som folk skjønar, liksom. Og det kan me i MDG definitivt bli betre på. Det er kanskje det Senterpartiet får til no. Dei klarer å snakke veldig enkelt.

Det er viktig å senke terskelen for å engasjere seg politisk, meiner ho.

– Mange har nok inntrykk av at politikk er sjukt komplisert, at det ikkje går an å vere engasjert utan å vere heilt trygg på kva parti ein høyrer til. Men det er jo kjempemange som ikkje er trygge på det. Det er jo på eitt vis berre bra, det er fint at ikkje alle er skråsikre. Det er viktig å fortelje folk at ein kan meine noko utan å kunne alt.

LES OGSÅ: Debatt: Ikkje la avslaget knekka engasjementet

Studie og politikk

Kor mykje tid Krokeide brukar på politisk verksemd, varierer mykje. Alt mellom fem timar og fem dagar i veka, er anslaget hennar.

Ho fortel at ho ofte vel sjølv kor mykje arbeid ho skal leggje ned. Det ser ho på som ein fordel som studie og politikk har til felles.

– Valkamp og studie var likevel ganske vanskeleg å kombinere. Det gjekk ikkje så veldig bra. Eg fekk ganske dårlege karakterar det semesteret, for å seie det sånn.

– Det kan altså bli travelt med stortingsval i haust?

– Ja, det kan bli veldig travelt. Krokeide har framleis ikkje bestemt seg for om ho skal bruke meir enn dei normerte fem åra på masteren. Tanken på å gå all in og bruke endå meir tid på politikken har freista.

Samstundes synest ho det er viktig å fullføre graden sin.

– Dersom alle som er politisk interesserte, sluttar på studiet og berre driv med politikk frå dei er tjue år, så tenkjer eg at det er eit tap. Eg trur det er nyttig at ulike politikarar har litt forskjellige bakgrunnar og kunnskapar, og såleis representere ulike yrkesgrupper.

Sjølv har ho lyst til å få brukt utdanninga til å jobbe innanfor sitt eige fag. Likevel har ho interesser og engasjement som spenner over mange saker.

– Det hadde jo vore utruleg kult å få kombinert det med den faglege kompetansen. Til dømes i ein miljøorganisasjon eller i arbeid med innvandring.

Krokeide vedgår at sannsynet for at ho sjølv får fast plass på Stortinget etter valet i haust, ikkje er så veldig stort.

– Får MDG over 50 prosent av røystene i Trøndelag, blir eg vel fyrste vara eller noko. Hadde eg kome inn, heilt urealistisk sett, hadde det jo vore dritkult å berre jobbe på Stortinget i fire år. Men no sit eg jo på fylkestinget og lærer masse og får erfaring som politikar. Så får me sjå om fire eller åtte år.

LES OGSÅ: De leder studentene fra hjemmekontor

Powered by Labrador CMS