Ein forelesars tilståingar frå det virtuelle klasserommet

For snart eit år sidan blei me kasta ut av campus, og inn i digitale klasserom. To forelesarar fortel om livet på den andre sida av skjermen.

Publisert Sist oppdatert

Scenario:

08:13, tysdag.

I det digitale forelesingsrommet er det framleis berre seks personar. I løpet av dei par-tre neste minutta skal det renne inn nokre titals fleire. Den øvste halvdelen av eit mikrofonkledd andlet skal dukke opp på skjermen, og snart begynne å snakke.

– Kan de høyre meg, kjem den stakkars professoren til å spørje, og rikse på mikrofonen.

Nokre sekund skal gå. Professoren avventar.

Så, ein liten kaskade av “Ja :)” i chatten.

Me er i gang.

Omsorg i omstilling

Det fyrste Patric Wallin, fyrsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk og livslang læring, gjorde då undervisinga plutseleg måtte bli digital i fjor mars, var å sende ut ei melding til studentane sine i masteremnet Ekspertar i team (EiT). Bodskapen var enkel: ta vare på dykk sjølve og dei rundt dykk, så finn me ut av alt anna på vegen.

– Det viktigaste å signalisere i omstillinga var at emnet ikkje var det viktigaste i seg sjølv akkurat då, men at me hadde forståing for kvarandre og jobba for å finne løysingar som funkar, seier Wallin.

RELASJON: Det må finnast tillit og respekt mellom forelesar og student, meiner fyrsteamanuensis Patric Wallin.

Den 19. mars, ei veke etter nedstenginga, publiserte Wallin eit innlegg i Universitetsavisa. Han uttrykte “irritasjon og forstyrring” over informasjonen som gjekk ut til EiT-studentane frå NTNU. Oppmøte, om enn digitalt, skulle framleis vere obligatorisk. Dei med for mykje fråvær, får ikkje emnet godkjent. Wallin, på si side, tok til orde for medkjensle og omsorg for studentane i omstillinga.

– Nokre har ein bra leilegheit der ein kan sitje og jobbe digitalt. Det er ein heilt annan sak om ein har ein liten hybel som ein delar med fleire andre, eller jamvel har barn å ta hand om. Det må me ha forståing for.

LES OGSÅ: Skal du ta vaksinen? Dette er det vi vet så langt

Snakkar til ein vegg

Fyrsteamanuensis Anita Nordeng Jakobsen ved Institutt for bioteknologi og matvitskap opplevde heller ikkje at overgangen til digital undervising var optimal. For både forelesarar og studentar blei det ein brå omstilling til eit medium dei fleste hadde lite røynsle med.

– Mange tok berre den tradisjonelle powerpointen inn i Zoom, og håpa at det skulle funke sånn cirka. Men det har jo vist seg at då går ein tilbake til der ein var for femti år sidan. Det blir ein monolog. Det er noko me slit me framleis, seier ho.

– Kva er er det eigentleg som gjer det så annleis å forelese digitalt?

– Den største skilnaden er kroppsspråk. I eit fysisk rom ser ein om det er nokre små nikk. Skjønar dei det her, følgjer dei med? Det mistar du særleg i dei store digitale klasseromma, kor det berre er svarte skjermar. Det er utfordrande, synest eg, fordi du føler at du snakkar til ein vegg.

Jakobsen fortel at ho samstundes opplever store skilnadar frå klasse til klasse. Både klassestorleiken og årstrinn speler inn. I dei store fyrsteårsklassane er studentane gjerne aktive over chatten og kvissar. Jakobsen opplever likevel at desse studentane er meir passive og vanskelegare å aktivisere med digitale forelesingar. Men i andre, mindre grupper har ho hatt forelesingar der mange er med og deltar aktivt.

– Når studentane føler på et ansvar for å bidra, kan digitale forelesingar fungere nesten like bra. It takes two to tango, ikkje sant? seier ho.

LES OGSÅ: Samfundetstyret ønsker å endre medlemsparagrafen

Student-forelesar-relasjonen

UTFORSKE: Forelesarar må tørre å prøve ut nye måtar å undervise på, også digitalt, seier Wallin.

I tillegg til å undervise både studentar og tilsette, forskar Wallin blant anna på læringsmiljø i høgare utdanning, og forholdet mellom undervisar og student. Å byggje ein relasjon mellom forelesaren og studentane er ei sentral del av utdanninga, meiner han.

– Kvifor skal studentane høyre på det eg har å seie, viss ikkje me har ein relasjon til kvarandre? Det må vere tillit og respekt der. Om ikkje, så finst det mange Youtube-videoar som forklarer ting mykje betre enn eg kan, og bøker som er mykje meir velskrivne, seier han.

Wallin peiker på at det å kunne samhandle i undervisinga er ei essensiell del av læringsprosessen. Det må finnast eit samspel mellom tilsette og studentar som er djupare enn berre at forelesar snakkar, og studentane lytter.

– Læring er aktiv deltaking, det å delta i ein fellesskap. Okei, greitt, det er fint å hugse fakta og kunne gjengi det i ei eksamensoppgåve. Men det er ikkje poenget med høgare utdanning. Ein skal byggje ein fagleg identitet og tilhøyrsle til disiplinen eller profesjonen sin.

LES OGSÅ: Ble bedt om å ikke delta på fysisk forelesning - NTNU satte opp obligatorisk undervisning på campus

Avgrensingane tar overhand

Nettopp denne relasjonen har blitt vanskelegare å byggje det siste året, der undervisinga for mange stort sett har vore digital. Wallin peiker på at digitale undervisingsplattformar som Zoom og Blackboard Collaborate er djupt hierarkiske system. Éin person har kontroll over rommet, og avgjer kven som får sleppe til, og kva tid. Éin person er der for å snakke, resten for å lytte.

Wallin trur at mange forelesarar lar seg stresse av teknologi dei ikkje er vande med. Det er mogleg å skape meir dynamisk undervising, men at fokuset på avgrensingane tar overhand.

– Då får me sånne situasjonar der folk står i eit tomt auditorium og har videoforelesingar i sanntid. Eg forstår meg ikkje på det, seier han med ei oppgitt mine.

LES OGSÅ: Ny krisepakke for studentene

Må ta medvitne val

KROPPSSPRÅK: I eit fysisk klasserom får undervisaren mykje respons gjennom kroppsspråk. Det er ei utfordring digitalt, synest Jakobsen.

Dei fleste vil vel, trur Wallin. Han forstår at mange synest det er vanskeleg å snakke til eit kamera. Det er noko dei fleste ikkje er vande med. Forelesarar bør likevel reflektere over kva dei eigentleg ønskjer å oppnå med undervisinga, og følgjeleg kva for undervisingsform som eigentleg er best egna.

– Er poenget med å halde ei forelesing at det er den enklaste måten å gå gjennom stoffet på, så er det kanskje ikkje det me skal gjere, seier Wallin.

Sjølv har han til dømes spelt inn forklarande videoar på førehand, for heller å bruke tida med studentane i sanntid til open diskusjon. Han meiner det viktige er at undervisarar tar medvitne val, og tør å utforske ulike tilnærmingar.

– Me må ikkje gjere eksakt det same kvar gong, men heller leike litt med ulike idear. Det er mykje meir spennande enn å halde same forelesinga om og om igjen, år etter år. Det hadde eg ikkje gidda.

LES OGSÅ: Nattmat om dagen: Pølser og pornografi

Krev ikkje kamera

Krav om påslåtte kamera i undervisinga har vore eit heitt debattema sidan nyttår, både i skulen og i høgare utdanning.

Jakobsen seier ho skjønar godt at einskilde ikkje ønskjer å vere synlege til ei kvar tid i forelesingar. Ho har ikkje vilja krevje at studentane har på kamera i forelesingar. Ho trur samstundes at kamera gjer at ein skjerpar seg, og derfor følgjer betre med.

Det er også skilnad på fyrsteårsstudentar og dei som har kome lenger ut i studieløpet, poengterer Jakobsen.

– Når ein kjem opp på tredjeåret på bachelor eller på masternivå, tenker eg at det er på tide å bli sett også. Me har jo i emneskildringa at du skal evne å kommunisere fagleg. Du skal faktisk ta plass. Du skal ut i arbeidslivet og ta ei rolle der, seier ho.

At studentar ikkje berre er passive tilhøyrarar i undervisinga, verkar også motiverande for mange forelesarar, trur Jakobsen. Ho sjølv inkludert.

– Berre kjensla av at du faktisk snakkar med nokon, gjer noko med deg. Det bør kanskje ikkje gjere det, men likevel er me jo menneske. Jo meir respons du får, jo meir gir du av deg sjølv, poengterer ho.

Wallin seier at sjølv om han synest det er hyggeleg om studentane har på kamera, er det eit val kvar enkelt må ta. I eit emne som Ekspertar i team, der gruppearbeidet står sentralt, må ein heller reflektere over kva det gjer med kommunikasjonen, meiner han.

Å bruke krav om kamera for å skjerpe studentane, er han skeptisk til.

– Viss forelesingane mine er så dårlege at eg må kontrollere at dei faktisk følgjer med, og ikkje gjer noko anna, så er det eit ganske dårleg utgangspunkt. Då er det viktigare å byggje opp den tilliten og respekten og signalisere: «No er det viktig, det eg seier, og det er viktig at de følgjer med.»

LES OGSÅ: Toppidrett med pils i magen

Ei digital framtid?

Eit liv etter koronaen kan til tider synast som ein fjern draum. Myndigheitene verkar likevel så optimistiske til vaksineringa at me kanskje frå hausten av kan begynne å nærme oss ein normaltilstand. Både regjeringa og NTNU har meldt at fleire studentar forhåpentleg skal kunne ha meir fysisk undervising framover.

DELTAKING: Fyrsteamanuensis Anita Nordeng Jakobsen seier at aktive studentar er viktig for at digital undervising skal fungere bra.

Erfaringane med digital undervising gjennom det siste året kan samstundes få varige verknadar for høgare utdanning i framtida. Jakobsen trur det er nokre ting ein aldri kjem til å gå tilbake på. Ekstern sensur av masteroppgåver, til dømes.

– Det er jo berre tull at ein sensor frå Oslo skal bruke ein heil dag på å fly til Trondheim for halvanna times opponentjobb på ei masteroppgåve, når dei digitale verktøya fungerer heilt utmerkt. Om nokre slike ting er det berre tre år sidan ein tenkte: «Nei, det går ikkje an», fortel Jakobsen.

Både Jakobsen og Wallin er tydelege på at digitale løysingar ikkje kan erstatte det fysiske tilværet på campus i utdanninga. Me treng framleis det fysiske klasserommet. Nokre av dei digitale verktøya kan likevel få spele ei rolle i framtidas undervising.

– Me må tenke gjennom kva me synest fungerer godt digitalt, og vere litt målretta. Nokre enkeltkurs kan jo fungere godt digitalt, seier Jakobsen.

Wallin trur at me kjem til å sjå at folk verdset campus meir enn før. At det å kunne vere fysisk til stades er eit slags privilegium.

– Eg håpar iallfall at me aukar medvitet om kva type læringssituasjon me skapar på campus, og korleis me vil anvende bygningsmassen og romma. Det er ein møteplass kor me kan møtast og byggje fellesskap. Kanskje er det det sentrale.

LES OGSÅ: Et sukk fra Sukkerhuset

Powered by Labrador CMS