Eit lite stykke musikkhistorie:

Korleis «Take On Me» gjekk frå flopp til superhit

Ein heilt spesiell teknikk gjorde at «Take On Me» endeleg fekk det publikummet den fortjente.

Publisert Sist oppdatert

«Når ein popsong får deg til å lure på om den er skrive av ein idiot eller eit geni, er den antakeligvis ein hit» har forfattar Jan Omdahl skrive. Eg skal ikkje diskutere om denne påstanden er riktig eller ei, men låta eg no skal fortelje om er sjølve definisjonen på ein slager. I denne teksten skal eg nemleg ta deg med på reisa om gjennombrotet til A-ha, og det er ei historie om to mislykka singleslepp, eit debutalbum og ein ikonisk musikkvideo.

Eg trur alle har eit forhold til A-ha. Ein kan sjå føre seg unge Morten Harket syngande og dansande til åttitalsrytmar ikledd Freddie Mercury-inspirert trøye og hockeysveis. Mogleg høyrer ein kanskje for seg «The Sun Always Shines On TV», eller kanskje hugsar nokon at synthpopbandet gjekk til topps på Billboardlista ein gong på åttitalet. I år er det 36 år sidan debutalbumet Hunting High and Low kom ut, og mor mi, som var tjue år den gongen og kan kallast for tidsvitne, pratar framleis om kor revolusjonerande musikkvideoen til «Take On Me» var.

LES OGSÅ: Fretex har fått konkurrenter - vintagerace i Trondheim sentrum

Ein trøblete oppstart

Fyrst må vi skru tida tilbake til tidleg åttital. Pål og Magne, som er dei to resterande medlemene av det kommande bandet A-ha, hadde på den tida fleire band dei prøvde å slå gjennom med. Dei reiste til England for å få platekontrakt og knytte kontaktar, men måtte reise skuffa og blakke heim. Banda vart oppløyst, musikken slo ikkje gjennom. Nokre år seinare ville dei prøve på nytt, men då med Morten Harket som vokalist. I 1983 reiste dei optimistiske tilbake til London med demoar som «Train of thought» og «Lesson One», seinare kalla «Take On Me», i sekken.

I den engelske hovudstaden får nordmennene verkeleg prøve seg. Det er mange om beinet i musikkbransjen og dei unge lovande får berre éin sjanse hos dei ulike produsentane til å vise kva dei er gode for. Omsider får dei kontrakt i plateselskapet Warner Bros Records og deira fyrste single, «Take On Me», vert slept i 1984. Mange tenkjer sikkert at dette var A-ha sitt store gjennombrot, men singlesleppet vart ingen suksess. Faktisk gjekk det omtrent heilt under radaren, og verken Magne eller Pål var nøgde med miksen. Dette gjorde at dei ville mikse låta ein gong til og gje den ut på nytt. Amerikanske Alan Tarney tek på seg miksejobben, men også denne utgjevinga vert ein flopp. Likevel er store ting på gang, og det skal vise seg at det ikkje berre er låta åleine som skal gjere dei verdskjente.

LES OGSÅ: En kultfilm allerede før premieren

Musikkvideoar i vinden

På åttitalet var den kalde krigen iskald, med Sovjetunionen i aust og USA i vest. I Noreg var det jappetid, petroleumsrikdom og modernisering som prega tilværelsen. Identitetsskapande trendar innanfor teknologi, musikk og film retta mot barn og ungdom auka, og innan mote var skulderputer og hockeysveis det hippaste. I 1982 opphevast NRK-monopolet og nordmenn kunne endelig få kanalar som MTV heim i stova. MTV var verdas første fjernsynskanal som utelukkande viste musikkvideoar, og ein heil generasjon norske born og ungdomar, som tidlegare berre hadde hatt tilgang på NRK1, fekk plutseleg dei hippaste, kulaste artistane rett heim i stova. Den aller fyrste musikkvideoen MTV viste var ingen ringare enn «Video Killed The Radio Star» av The Buggles og dermed hadde dei spådd framtida til musikkvideoane: Ein radiohit var ikkje lenger nok, det gjald å ha ein bra musikkvideo for å kunne slå gjennom.

Dette kan vere grunnen til at A-ha sine to singleslepp av «Take On Me» ikkje slo gjennom. Det kan også vere difor plateselskapet i London, Warner Bros Records, investerte sopass mykje i nettopp A-ha, at dei omsider fekk laga musikkvideo til låta. Dei visste at «Take On Me» var ein slager, men den hadde ikkje blitt gitt ut i dei riktige mediekanalane og dermed ikkje nådd sitt fulle potensial. Musikkvideoprosjektet var i gong og dei fekk med seg regissør Steve Barron på laget, og då skjer vendepunktet. Denne mannen har tidlegare laga musikkvideoar for Madonna, Michael Jackson og Toto. No skal han jobbe saman med dei tre unge og lovande musikarane frå vesle Noreg og dette samarbeidet skulle forandre dei for alltid.

LES OGSÅ: La oss skrota abortnemdene!

Superstjerner over natta

For rundt eitt år sidan, i februar 2020, nådde «Take On Me»-musikkvideoen ein milliard streams på Youtube. Har du framleis ikkje sett videoen og lurer på kvifor den er så spesiell? Jo, no skal du høyre: regissør Steve Barron brukte ein heil spesiell filmteknikk kalla rotoscoping. Det vil seie ein film som blandar animasjon og realfilm. Verken animasjonsfilm eller realfilm, altså standard filming, var nytt for folk, men det var nytt å kombinere desse teknikkane. På åttitalet var ikkje dette akkurat kvardagskost. Folk sperra auga opp då dei såg videoen, og mor mi, som gjekk på folkehøgskule det året, har fleire gongar fortalt om kor sensasjonell og banebrytande denne musikkvideoen faktisk var. Ingen hadde sett noko liknande før. I tillegg fekk endelig den fengande låta nådd ut til publikummet den fortjente, for makan til hit skal ein leite lenge etter.

Det tok ikkje lang tid frå videoen vart slept til «Take On Me» gjekk til topps i USA. Heime i Noreg kunne dagsrevyen 10. oktober 1985 stolt melde at det norske bandet A-ha hadde fått ei «oppsiktsvekkande bra plassering» på Billboard top 100, og ni dagar seinare klatra dei heilt til topps. Omtrent over natta var A-ha blitt verdas mest populære band. Etter gjennombrotet vart også debutalbumet Hunting High and Low, som hadde blitt gitt ut fire månadar tidlegare, ein kommersiell suksess. Albumet selde meir enn 10 millionar eksemplarar over heile verda, og ein kan spekulere i om albumet, og forsovidt A-ha, hadde nådd ein slik status utan musikkvideoen til «Take On Me».

No, over tretti år etter, er det framleis ingen norske band som kan samanlikne seg med suksessen A-ha fekk. «Take On Me»-videoen står att i musikkvideoens historie som ikonisk, og sjølve songen forblir ei tidlaus låt som aldri døyr og debutalbumet står att som legendarisk. A-ha var det første norske bandet som oppnådde slik internasjonal suksess, og kanskje forblir dei også det siste.

LES OGSÅ: Omfattende korona-testing ved Norges største studentby

Powered by Labrador CMS