La oss skrota abortnemndene!

Kvart år må rundt 600 kvinner møta i nemnd for å få abort mellom veke 12 og 18. Det er det på høg tid at dei slepp.

Publisert

Avgjersla om kor vidt du får ta abort eller ikkje, er ikkje di eiga om det skjer etter veke 12 i svangerskapet. Då er det opp til ei nemnd i kvite frakkar å bestemma om det er rett for deg å ta abort eller å behalda barnet. Dette har lenge vore ei utdatert løysing, og no må me kreva endring.

La oss fyrst få tala på bordet. 2019 er det siste året me har statistikk frå, og då var det 614 kvinner som måtte i nemnd for å få behandla sitt ynskje om å ta abort. Av desse fekk 573 medhald. Enda fleire fekk medhald av dei som gjekk vidare til klagenemnda, som er neste instans. Tala fortel oss at heile 93 prosent får “lov” til å ta abort mellom veke 12 og 18.

LES OGSÅ: Vintagerace i Trondheim sentrum

Abort er eit omdiskutert etisk spørsmål. Temaet er for mange djupt personleg og det er mykje kjensler involvert. Det gjer det spesielt viktig å gå inn i debatten på ein faktabasert og nyansert måte. Statistikken syner at det i dag er lov å ta abort fram til veke 18. Då er det ingen grunn til at dette valet skal takast av ei nemnd og ikkje av kvinna sjølv.

Ingen ynskjer å ta ein sein abort, og det å ta abort er for mange ei tung belastning i seg sjølv. Kvifor har me då eit system som aukar den kjenslemessige belastinga? Når ein fyrst skal ta abort, må me ha eit rammeverk som tar vare på kvinnene i denne situasjonen. I dag har me det motsette.

Abortnemndene er skam satt i system. Det bidreg til ein tankegong om at kvinner ikkje kan ta gode nok avgjersler for eigen kropp og at me ikkje forstår konsekvensane for anna liv og ansvaret me sit på.

LES OGSÅ: Søtsaker og grovkost

Nemdene bør bytast ut med gode samtaletilbod og nøytral rådgiving til dei som ynskjer det. Ei slik ordning skal ha som mål å støtta kvinna til å ta sitt eige val, ikkje ta valet for ho.

Me må ha ei endring for å sikra kvinner sin rett til sjølvbestemming. Me må ha ei endring for å sikra kvinner sin rett til å bestemma over eigen kropp. La oss ta eit viktig steg for kvinners rettar - la oss skrota abortnemndene.

Powered by Labrador CMS