Sniknynorskifisering av Samfundet?

Det har snarare vore ei bokmålifisering på Samfundet over mange år, og det har ikkje vore noko snikande med den.

Publisert Sist oppdatert

Det er mange som har vanskar med å skjøna engasjementet mitt for nynorsk. Kvifor er sidemål i skulen viktig? Kvifor har eg biografien om Ivar Aasen på stasplassen i bokhylla? Kvifor har eg brukt tid på å vera aktiv i Norsk Mål- ungdom og reist på sommarleir med folk eg ikkje har anna til felles med enn at me nyttar same målform? Dette kan vera vanskeleg å forstå for mange, og kanskje er det ekstra vanskeleg når ein sjølv aldri har måtta kjempa for å få bruka sitt eige skriftspråk.

LES OGSÅ: Ingen deltakere fra utlandet til ISFiT-21

Det er mange grunnar til at eg er ein av dei trufaste disiplane til Ivar Aasen. Eg meiner det er viktig å kjempa for språket mitt når mitt eige universitet, NTNU, ikkje klarar å oppfylla krava om nynorsk som dei er pålagt i mållova. Dette vert forklart med at «målarbeidet blir ned-prioritert i ein travel kvardag». Dette gjer at me må finna oss i ord som «kvisleis» i oppgåvetekstar, og at desse tekstane tidvis har så dårleg språk at ein ikkje heilt skjønar kva ein svarar på. Det er rett og slett ikkje godt nok når NTNU sine oppgåvetekstar til tider kan samanliknast med nynorskstilen til ein åttandeklassing.

LES OGSÅ: Smittevern er ingen unnskyldning for dårlig undervisningskvalitet

Eg vil også ta den evige diskusjonen om nynorsk fordi at den neste nynorsk- brukande leiaren for Samfundet skal få sleppa dei tilbakemeldingane eg har fått. Som at medlemmer ikkje vil lesa e-postane mine fordi dei er på nynorsk og skuldingar om sniknynorskifisiering når ein nyttar si eiga målform. Sanninga er heller at samfunnet – og Samfundet – er bokmålifisert, og at denne bokmålifiseringa har vore alt anna enn snikande.

Nynorsk er fint i dikt, men også til anna bruk. Meir enn ein av ti elevar i norsk skule har nynorsk som hovudmål. Det har aldri før vore produsert så mykje tekst på nynorsk som det blir i dag. Nynorsk er eit levande skriftspråk og skal behandlast som det.

LES OGSÅ: Er 50 mennesker alt verdens beste land å bo i har plass til fra Moria?

Eg lever godt med at somme meiner «spynorsk» og «nynorsk mordliste» er god humor. Men, du kan diskutera nynorsk med meg på så mange nach du berre vil, eg kjem ikkje til å endra målform eller synet mitt på sidemåls- undervisninga. Nynorsk er personleg, nynorsk er meg, og det er verdt å kjempa for.

Flere studetnyheter fra UD: Lover milliardstøtte til nytt NTNU-campus

Powered by Labrador CMS