FRIVILLIGE: Thomas Hagby Dahl og Anders Solberg jobbar frivillig i Hillsong-kyrkja på sida av studiene.

Anders og Thomas bruker fritida i pinsekyrkje: – Det blir veldig naturleg å be til Gud

Den kristne nordmannen er ein utryddingstrua art. I Hillsong trossar dei straumen og blir vener med Gud.

Publisert

«What a beautiful name it is / the name of Jesus Christ, my king»

Musikken strøymer ut i det litle lokalet, der femti-seksti menneske står og syng med. Dei fleste oppmøtte er i studentalder, mange med henda lyfta over hovudet. Kvintetten i lovsong-bandet på scena, med gitarist, trommeslagar, bassist og to vokalistar, er unge. Likevel lyder dei unekteleg imponerande samspela. Dei sparar ikkje på krutet no. Det er siste song i det fyrste settet i gudstenesta i Hillsong, og dei går av med ein slager. «You have no rival, you have no equal / now and forever, our God reigns». Bodskapen kunne ikkje vore klarare.

Hillsong Trondheim:

  • Hillsong Trondheim er ei kyrkje som høyrer inn under pinserørsla.
  • Pinserørsla i Noreg omfattar også meinigheiter som Betel og Filadelfia.
  • Gudstenestene i pinsemeinigheitene er prega av lovsong og moderne musikk og kan innehalde element som tungetale og læking gjennom bøn.
  • Hillsong er ei opphaveleg australsk pinsekyrkje og har no meinigheiter i 28 land.
  • Hillsong Trondheim blei starta av pastorparet Fredrik og Maria Lisette Steinskog i 2017

Den siste halvtimen har bandet pøsa på med pathos i kristelege poprock-balladar, med teksten bak dei på storskjerm. Det er ikkje ei einaste kyrkjeklokke i nærleiken, og orgeltonene som dannar eit nærmast himmelsk bakteppe for resten av bandet, kjem ut av ein Mac. Det er ikkje nokon typisk skulegudsteneste, det her. Pinserørsla sin kjærleik for musikk og sterke kjensleuttrykk er tydeleg. Her ligg kjenslene tjukt smurt utover utsida av kroppen.

Gud som bugfixar

Det er søndag kveld, og tre etasjar over bruktbutikken NMS Gjenbruk i Sommerveita 4 har pinsekyrkja Hillsong gudsteneste. Bandet går av scenen, og pastor Maria Lisette Steinskog kjem på for å halde preike.

– Er dykk klare for å høyre Guds ord, spør ho forsamlinga.

Eit rungande «JA!» frå salen er alt ho treng. Steinskog byrjar snakke om far sin (både han i himmelen og han i Sandnes) og alle dei ulike namna dei har. Ho kjem også inn på korleis Apple og Gud eigentleg ikkje er så veldig ulike.

– Alle kjenner dei som aldri oppdaterer telefonen sin, og så lurer dei på kvifor han ikkje funkar, fortel ho.

– For at Gud skal kunne fikse bugane i liva våre, krevst det at vi trykkjer «Godta».

LES OGSÅ: Vildes forskning er på kant med naturlovene

Kyrkjebygging 101

Hillsong er ei pinsekyrkje med opphav i Sidney, Australia, og er såleis ikkje ein del av Den Norske Kyrkje. I dag finst det Hillsong-meinigheiter over heile verda, inklusive i åtte norske byar. Pastor Maria Lisette Steinskog og ektemann og medpastor Fredrik flytta frå Sandnes for tre år sidan for å starte Hillsong-kyrkja i Trondheim. Då kjente dei tre personar i byen. Det blir det ikkje mykje kyrkje av.

– Vi byrja med å invitere til søndagstaco heime hos oss. Vi inviterte folk inn, delte mat og eitt og anna frå Bibelen og så song vi litt saman. For å byggje kyrkje treng ein mykje kvalitetstid og mykje mat, forklarar ho.

Den bibelkyndige ser gjerne ein parallell til ein viss Jesus frå Nasaret her. Det er langt frå tilfeldig.

– Du veit da Vinci-maleriet Nattverden, vi tenkjer at dét var litt Jesus. Han inviterte gjerne folk til å ete med han, seier Steinskog.

Det å byggje opp eit fellesskap har vore hovudtaktikken for å la Hillsong få fotfeste i Trondheim. Steinskog forklarer at det er basert på ein ganske enkel logikk.

– Viss folk får seg vener i kyrkja og føler at dei har et nettverk her, så blir dei verande. Viss ikkje, så forsvinn dei. Det viktigaste er folka, og at dei føler at «her er flokken min». Alt av lyd, lys og musikk og slikt kjem av seg sjølv etter kvart, der treng du berre folk som kan det. Vi har hatt gudstenester med lovsong på Youtube, fordi det var det vi hadde, seier ho.

LES OGSÅ: Under store katastrofer vil du fortsatt kunne snakke med Eivin

– We’re not in Bibelbeltet anymore

Steinskog har fått merke at det ikkje er det same å vere kristen i Trondheim som på Vestlandet.

– Folk er meir skeptiske her. I Sandnes har alle i det minste ei tante eller ei bestemor som er kristen, så alle har ein viss oppfatning av kva det betyr å tru. Eg har aldri møtt så mange som ikkje har noko forhold det å vere kristen i det heile som i Trondheim, seier ho.

På eit jobbintervju ein gong fortalde ho at ho er kristen. Reaksjonen ho fekk, var: «Å ja, har du lov til å bruke internett?».

– Det kjennest merkeleg å måtte forklare at du ikkje er med i ei sekt, erkjenner ho. Steinskog har samstundes forståing for skepsisen. Når noko er ukjent, blir avstanden større. Då er oppgåva å bryte ned skepsisen, seier Steinskog.

– Dessverre har nok ein del kristne opp gjennom tida trykkja trua si litt oppi trynet til folk. I USA går folk i demonstrasjonstog og seier at alle som ikkje trur det same, kjem til helvete.

Ein byggjer ikkje mange bruer med den typen taktikkar, meiner ho. Steinskog trur at det derfor er viktig at kristne i Trondheim ikkje berre held seg for seg sjølve, men deltar aktivt i alle deler av samfunnet.

– Det er bra at vi som kristne er med i ulike verv og sosialt opplegg på studiestaden og på jobb. Den beste måten å overvinne skepsis på, er å la folk bli kjende med oss som enkeltmenneske. I ein by som Trondheim, som ikkje har så mange kyrkjer, ønskjer vi å ha eit rykte for å ha ein positiv innverknad på byen. Då kan vi ikkje bli ein løynleg klubb der vi berre samlast med våre eigne, seier ho.

Som ein familie

Også NTNU-studentane Anders Solberg og Thomas Hagby Dahl er tilflyttarar til Trondheim. Dei er aktive kyrkjegjengarar i Hillsong Trondheim, og saman med rundt tretti andre er dei med på frivilligsida av meinigheita. Solberg har ansvar for søndagsskulen Kids, som skjer samstundes som den vanlege gudstenesta. Dahl har overordna ansvar for å ta imot dei nye som kjem til kyrkja.

– Når nokon kjem og har lyst å bli ein del av kyrkja, er det eg som har ansvaret for at nokon tar kontakt med dei, ønskjer dei velkomen og gjer dei informasjon om korleis dei kan bli med på opplegget vi har utanom gudstenestene, fortel Dahl.

LES OGSÅ: Studenter sliter psykisk under korona. Velferdstingslederen er ikke overrasket

I vekedagane arrangerer dei sosiale samlingar heime hos kvarandre. Der et dei saman og byggjer det nemnde fellesskapet, gjerne ispedd litt tru. I tillegg kjem fellesturar, leiarsamlingar, øving for lovsong-teamet som speler på gudstenestene og ein og annan fotballkamp.

– Folk er med på litt ulike ting, så det er ikkje éin fast gjeng heile tida. Vi bruker mykje ordet «familie», seier Solberg.

– Miljøet er veldig dynamisk. Det er viktig for oss at vi ikkje blir ein lukka og intern gjeng, men at vi alltid er opne for at nye kan kome inn. Det er noko vi heile tida strekker oss etter, legg Dahl til.

Han fortel at han personleg opplevde eit særs inkluderande fellesskap då han sjølv blei med i kyrkja.

Oppvekst i pinsemeinigheit

Både Dahl og Solberg har bakgrunn frå pinsemeinigheiter gjennom oppveksten. Solberg blei tilknytt Hillsong i Stavanger då han gjekk på bibelskule der. Det blei derfor veldig naturleg å fortsette Hillsong då han flytta til Trondheim for å studere. Då Dahl gjekk ut av vidaregåande, hadde han hatt fleire år der han ikkje hadde vore aktiv i kyrkja.

– Så fekk eg høyre gjennom ein kompis at Hillsong skulle starte opp i Trondheim. Eg hadde merka at eg sakna fellesskapet frå kyrkja då eg flytta heimanfrå, og så tenkte eg at dette var ein fin moglegheit til å kople seg på igjen, fortel han.

– Fellesskapet er utruleg viktig. Det å ha ei felles tru gjer at ein knyter veldig sterke venskap. Det er i alle fall mi erfaring, legg Solberg til.

LES OGSÅ: Studentersamfundet stenger dørene for semesteret

– Ber du, liksom?

Det var også gjennom Hillsong at Dahl trefte si Kaja for tre år sidan. Dei gifta seg i sommar.

– Folk blir jo litt overraska. Og så spør dei om eg er kristen, naturlegvis, seier Dahl. Han fortel at han likevel møter mindre fordomar enn ein kanskje skulle tru.

– Mange er nyfikne, men eg opplever at folk generelt er veldig opne og aksepterande når eg fortel at eg er kristen. Kompisar på studiet lurer mest på praktiske ting, som kva det er han eigentleg gjer på søndagane, fortel han.

Solberg nikkar gjenkjennande.

– Det går i ting folk oppfattar som veldig kristent. Dei spør gjerne «Ber du, liksom?», seier Solberg.

Kva svarer du då?

– Jo, eg ber. Det blir jo veldig naturleg. Når eg trur at skaparen av heile universet har lyst til å høyre på det eg har å seie, så får eg jo lyst til å be. Berre å snakke med han om det som er vanskeleg og tungt, eg trur det hjelper på, fortel han.

Dahl meiner at det å be er viktig for å oppretthalde ein relasjon med Gud, både når ein har det tøft og når ein har det bra. Solberg er einig.

– Det er jo akkurat som viss vi to skal ha ein relasjon, så set vi av tid til å treffast og prate saman. Det er det same med Gud.

Trua er for alle

Nordmenn flest er i ferd med å gje slepp på Gud. Andelen av befolkninga som seier at dei trur på Gud har sokke til 30%, ned frå 53% i 1985, ifølgje undersøkingar frå Norsk Monitor. I NRK-serien Sånn er Norge forklarer Harald Eia nedgangen med at levekåra til i Noreg er så gode at dei fleste rett og slett ikkje føler at dei treng nokon allmektig fader til å passe på dei. Pastor Steinskog gir eit liknande svar.

– Grunnprinsippet for den kristne trua er eigentleg at ein seier: «Eg treng Gud fordi eg ikkje fiksar livet aleine». I Noreg klarer dei fleste seg ganske greitt økonomisk, og mi oppleving er at dei har det veldig fint utan Gud. Folk fyller liva sine med interesser, hobbyar, vener og andre typar sosial stadfesting i staden. Då blir vegen til å seie at ein treng Gud mykje lenger, seier ho.

LES OGSÅ: Koronasmitte på avdukningen av den nye takduken

Steinskog trur likevel at det er noko grunnleggjande ved den kristne trua som ikkje-kristne går glipp av.

– Den største fridomen trua gir, er å vite at det ikkje er mitt ansvar å ha alt på stell heile tida, og at dette livet ikkje berre kviler på mine prestasjonar. Vi har ein Gud som vil oss vel og ønskjer å hjelpe oss i livet. Det gir meg ei enorm fridomskjensle. Det er leit at ikkje alle får føle på det, fortel ho.

YRKJEBYGGJAR: Pastor Maria Lisette Steinskog flytta frå Sandnes til Trondheim for å starte pinsemeinigheiten Hillsong Trondheim

Gud i julegåve

Steinskog meiner at dette er relevant å sjå i samanheng med utbreiinga av prestasjonsbaserte sjukdomar og angst blant unge. Studentanes helse– og trivselsundersøking (SHoT) frå 2018 viser at éin av fire studentar «hatar å ikkje vere best». Nesten halvparten set svært høge mål for seg sjølve. Ikkje med det sagt at dette ikkje gjeld for kristne også.

– Noko av det eg møter mest motstand på når eg sit i samtaler med folk i meinigheita, er nettopp tanken om at ein er elska av Gud uansett. Det er lett å tenkje at ein må gjere sånn eller sånn. Men i møte med Gud er det ikkje noko eg må. Han elskar meg, uansett kva. Den kjensla skulle eg ønskje eg kunne pakke inn og gje i julegåve, seier Steinskog.

Dialog om dauden.

– Eg må berre spørje. Kva skjer når vi døyr?

– Ooh. Nei, det er vel himmelen, då. Eg trur jo vi har eit liv etter dauden, seier Anders.

– Korleis kjenst det?

– Det er jo fint å tenkje på at det ikkje er over. Ein skal møte Gud og vere på ein betre stad, synest Thomas.

– Ein kan sikkert leve heilt tilfreds med at når ein døyr, så er det slutt. Sjølv trivst eg jo betre med tanken på at det faktisk er noko godt som ventar. Men er det jo ikkje det som held meg gåande i kvardagen. Den tid, den sorg, meiner Anders.

– Den tid, den glede, meiner du vel?

– Joda, det kan du godt seie, nikkar Anders.

– Det er jo ikkje heilt lett å vete akkurat korleis det ser ut, seier Thomas.

– Eg trudde det var perleport og kvite skyar?

– Viss det er Perleporten på Gløshaugen som ventar, då blir eg litt overraska, seier Anders.

Powered by Labrador CMS