Murakami på autopilot
Haruki Murakami er ein evig kandidat til Nobelprisen i litteratur. Første person entall blir neppe utslagsgjevande.
Haruki Murakami, Første person entall (noveller)
Pax Forlag, 173 sider
Omsett av Ika Kaminka
Den japanske veteranen har med åra blitt ein publikumsfavoritt verda over med sine nostalgiske og forunderlege forteljingar, ofte med surrealistiske innslag. I den nyaste boka, Første person entall, bygger Murakami vidare med historier som stort sett liknar ting han har skrive svært godt før. Novellene er fine nok i seg sjølv, men med få unntak gjer samlinga lite for å fornye forfattarskapen.
Dei som har vore borti Murakami, vil vere godt kjente med dei mannlege hovudpersonane som oppdagar og utforskar seksualitet, einsemd og triste, mystiske kvinner. I Norwegian Wood (1987), tidvis også i den førre novellesamlinga Menn uten kvinner (på norsk 2016), har Murakami skildra dette vakkert og poengtert.
Fire av dei åtte novellene i Første person entall held fram meir eller mindre i dette sporet. Å skrive ulike variasjonar over liknande motiv treng ikkje vere ein dårleg ting, men her skjer det lite nytt. Murakami skriv på autopilot, og det kjennest rett og slett for trygt. Forteljingsforma meistrar han til fingerspissane, men det blir keisamt i lengda.
LES OGSÅ: Bandet briljerer under Byggrevyen 2021
Boka engasjerer langt meir når novellene blir meir eksperimenterande. I «Shinagawa-apens bekjennelser» møter hovudpersonen ei snakkande ape som fortel om einsemda og lengselen etter kjærleik blant menneska. Murakami går her inn i ein slags incel-problematikk, utan å gje nokon eintydige svar. I tittelnovella «Første person entall» blir eg-personen uforvarande konfrontert med ei metoo-liknande skulding av ei ukjend kvinne. Tiltalen utløyser ei uforklarleg kjensle av skuld hos hovudpersonen, som plutseleg materialiserer seg i eit postapokalyptisk, marerittaktig bybilde. Med koplinga mellom eit framandt ytre og eit uroleg indre, aktualiserer Murakami viktige samtidsproblem på overraskande og svært vellykka vis.
Den mest interessante novella, «Yakult Swallows. Dikt», er ei merkeleg og svært sjarmerande hyllest til baseball. Eg-personen fortel om det lidenskapelege forholdet til favorittlaget sitt, Yakult Swallows, og om dei små, sære dikta han har skrive om sporten. Då hovudpersonen viser seg å ha same namn som forfattaren sjølv, må ein stille spørsmålet om novella eigentleg er fiksjon. Dette grepet set også resten av samlinga i eit nytt lys. Eg-forteljarane i alle dei åtte novellene har sterke likskapstrekk. Kanskje er dei alle Murakami, på sitt vis?
Nye og gamle Murakami-lesarar vil i Første person entall finne mange av kvalitetane til dei beste bøkene hans. I lettlesne, presise setningar møter søkande personar den merkelege verda rundt seg med undring, og får underlege svar tilbake. Er du av typen som aldri får nok av Murakami, blir du ikkje skuffa av å lese desse novellene. Er du heller gira på nye leseopplevingar, kan du glatt la vere.
LES FLERE ANMELDELSER HER:
-
Maktesløs i et annet menneskes vilje
I Eksplosjoner i hjertet møter vi en abstrakt relasjon mellom to voksne kvinner som begge opplever å bli tilsidesatt og avvist. Resultatet er en intim fortelling om skeiv kjærlighet.
-
En dyster skildring av alderdommen
Klokken tikker ned til Gonhilds hundreårsdag. Mens bygden planlegger feiring, prøver Gonhild å dø.
-
Årets album 2025
Nok et år har gått, men det blir aldri nok musikk. Musikkredaksjonen i Under Dusken og Radio Revolt har funnet frem 25 album som har fanget lyden av 2025.
-
En Innsiden-ut-parodi på studenttilværelsen
Gløshaugen revy- og teaterlags (GRT) oppsetning Hvem er du? beviser at erfaringsmangel og en lavbudsjetts scenografi ikke skal stå i veien for spilleglede.
-
Affeksjonsverdi - Drømmen om det som kunne vært
Joachim Triers Affeksjonsverdi er en stillferdig og melankolsk skildring av krevende familiebånd og forsøket på forsoning i relasjoner preget av en turbulent fortid.
-
CHÆRRITY: En veldedig bra revy
Årets UKErevy åpner litt ujevnt, men finner etter hvert rytmen. Smittende spilleglede og fantastiske musikknumre skaper en revy med både latter og ettertanke.